Foten ned for meir oppdrett i Hardangerfjorden

Statsforvaltaren i Vestland seier nei til nye eller utvida oppdrettsanlegg i Hardanger. Grunnlaget er eit oppdatert – og dystert – bilete av miljøtilstanden i fjorden.

pixabay.com
pixabay.com

– Når vi no seier nei til ei rekkje søknader, har vi vurdert korleis kvar sak bidrar til påverknad av heile fjordsystemet, og dermed sett heile sakskomplekset i samanheng. Dette er nytt, men nødvendig. Den nye kunnskapen viser at folka våre hadde god grunn til uro, då dei såg dei negative trendane i 2023.

Slik står det å lesa i ein nyleg publisert artikkel på nettsida til Statsforvaltaren i Vestland. Konkret inneber det nei til fleire søknader frå selskapa Eide Fjordbruk, Alsaker Fjordbruk, Lingalaks og Mowi.