Folkemøte om Eviny sine kraftverk-planar i Vaksdal og Samnanger

Eviny planlegger å bygge tre nye vasskraftverk parallellt med eksisterande kraftverk i Vaksdal og Samnanger kommunar. I Bergsdalen (Vaksdal) og Børdalen (Samnanger) er det planar om effektkraftverk, og i Sotabotnen (Samnanger) planlegger dei eit pumpekraftverk (sjå meir om typane kraftverk nedanfor).
For å få belyst sakene på ein best mogleg måte, har Naturvernforbundet Hordaland tatt initiativ til dette folkemøtet, der Eviny er inviterte til å presentere sine planar, og der berørte partar kan legge fram sine argument. Det vil også bli høve for publikum å stille spørsmål.
Program (atterhald om endringar):
- Innleiing v/ Hege Eide Vik, ordførar i Vaksdal kommune
- Naturvernforbundet Hordaland om bakgrunnen for møtet, og om våre (førebelse) bekymringar & refleksjonar i høve planane
- Eviny orienterer om sine planar i Vaksdal og Samnanger (nye effektkraftverk i Bergsdalen og Børdalen; og pumpekraftverk i Sotabotnen)
- Vasskraftprosjektet i Bergsdalen sett opp mot EU sitt vassdirektiv. v/Sveinung Klyve, seniorrådgjevar for vassforvalting i Vestland fylkeskommune og vassområdekoordinator i Voss-Osterfjorden vassområde
- Korte appellar frå berørte partar/organisasjonar i Vaksdal/Samnanger
- Spørsmål frå salen
Arrangementet er naturlegvis gratis og opent for alle.
Velkomen!
Effektkraftverk er eit vasskraftverk laga for å produsere mykje straum i periodar der behovet er stort (og straumprisen høg), i staden for å produsere «jamnt og trutt». Effektkraftverk er difor avhengig av å ha store magasin og høg produksjonskapasitet, slik at ein kan lage mykje straum i dei aktuelle tidsromma.
Pumpekraftverk er kraftverk som ligg mellom to vassmagasin, der ein produserer straum når straumprisen er høg, og pumpar vatnet frå det lavastliggande vassmagasinet og opp igjen til til det høgaste når straumprisen er lav; slik at ein er klar til å produsere straum igjen av det same vatnet når straumprisen er høg.
I prinsippet gir altså verken effekt- eller pumpekraftverk nemneverdig meir straum enn vanlege vasskraftverk; begge typane har i all hovudsak til formål å auke produksjonen og inntektene i periodane der etterspørselen er størst. Og begge typane gjer at vasstanden i berørte vassdrag vil variere mykje meir og/eller fortare enn ved vanlege kraftverk.