Digitalt kveldsseminar om frivillig skogvern
Frivillig skogvern, kva er det? Bli med på digitalt kveldsseminar og finn ut om det kan vere aktuelt for deg!

Trykk her for å bli med på det digitale møtet (som startar 9. september kl. 18.00).
Naturvernforbundet Hardanger ynskjer, i samarbeid med Hordaland Bonde- og Småbrukarlag og Vestland Bondelag, meir fokus på «gamleskogen».
Dette kveldsseminaret vil ha fokus på Vestland, men er ope for skogeigarar over heile landet og andre som er interesserte i å jobba med/læra meir om frivillig skogvern.
Me tilbyr grunneigarar ei moglegheit til å verta kjent med ordninga rundt frivillig vern av skog, ei ordning der skogeigarar kan få økonomisk kompensasjon for å verna skog frivillig.
I «gamleskogen» finn me 60% av alle artane i både dyre- og planteriket;
og det er her mange finn dei største naturopplevingane. Det vert stadig
mindre av den eldre skogen, og skal me ta vare på litt av denne, bør me
ta grep snarast. Staten har dei siste åra løyvd bra med pengar til frivillig
vern, men til no har me berre verna 3,4% av skogen. Målet nasjonalt er
10% verna furuskog, men også andre typar skog kan få vernestatus.
Det er statsforvaltaren som skal velja ut område og det er han som har
det økonomiske ansvaret. FramTre og Norskog er med i prosessen og
har den direkte kontakten med skogeigaren. I artikkelen og lenka under
får du utfyllande informasjon om prosessen, og der finn du fleire lenkjer
til info rundt temaet. Vi startar arbeid med frivillig skogvern i Husedalen i
Ullensvang | Statsforvaltaren i Vestland
På det digitale kveldsseminaret vil me informera meir om ordninga.
Me vil ha med oss Vebjørn Enerstvedt frå FramTre, som har den direkte
kontakten til grunneigar og vurderer om skogen har vernekvalitetar.
Magnus Johan Steinsvåg frå Statsforvaltaren i Vestland har det
overordna ansvaret og vil også vere med på det digitale møtet.
I tillegg vil me be inn grunneigarar, som alt har vore igjennom heile
verneprosessen og kan fortelja om sine erfaringar. På slutten av møtet
kan folk stille spørsmål.
Møtet vert onsdag 9. sept. kl. 18.00 på Teams. Send gjerne invitasjonen
vidare til andre du meiner kan ha glede av opplegget.
Har du spørsmål før møtet kan du kontakte:
- Klaus Rasmussen | 4566 7708 | Leiar Naturvernforbundet Hardanger
- Mari Austvoll Gjengedal | 9704 5683 | Leiar Hordaland Bonde- og Småbrukarlag
- Lars P. Taule | 9085 8555 | Organisasjonssjef Vestland Bondelag