Den store landbruksdebatten
Korleis ligg Vestland an om krisa skulle treffa oss, har me tilgang på nok mat?
Foto: Mette HaugenMat bør vera eit av dei viktigaste tema i beredskapsplanane – men er det eigentleg det?
Korleis ligg Vestland an om krisa skulle treffa oss, har me tilgang på nok mat? Eller har me gjort oss for avhengige av import? Og kva er samanhengen mellom miljø og matberedskap?
Dette er mellom spørsmåla me vil kasta lys over, og utfordra fylkespolitikarane på i «den store landbruksdebatten».
Møtet startar med ei felles innleiing frå Naturvernforbundet Hordaland og Hordaland Bonde- og Småbrukarlag, før me går over til debatt mellom fylkespolitikarane som stiller til val neste år.
Det vil også verta god tid til spørsmål frå salen.
Gratis inngang. Meir info kjem.
Arr. Naturvernforbundet Hordaland og Hordaland Bonde- og Småbrukarlag
Vel møtt!