Nigerianske prinsar i Eidfjord?

Innlegg i Hardanger Folkeblad, signert Pål Fidjestøl (NNV Hordaland) og Klaus Rasmussen (NNV Hardanger).

Innlegg i Hardanger Folkeblad, signert Pål Fidjestøl (NNV Hordaland) og Klaus Rasmussen (NNV Hardanger).

Den fjerde november kunne vi lese i Hardanger Folkeblad at Eidfjord kommune har late seg overtale av investorane i Eidfjord Resort til å prioritere utbygging av nytt høgdebasseng, som Eidfjord Resort har kravd for å kunne realisere sine grandiose planar i Sysendalen.

Naturvernforbundet si haldning til Eidfjord Resort burde vere velkjende for Eidfjordingane. Den raudlista villreinen, som Noreg har eit internasjonalt ansvar for, toler ikkje eit slikt prosjekt. Men Eidfjord Resort har bokstaveleg satsa alt på prosjektet. Som mellom anna har ført til at dei nyleg var gjennom ein «rekonstruksjon», som altså vil seie at kassa var tom, og dei måtte be investorar og kreditorar om meir pengar for å unngå å tape alle sine tidlegare investeringar i eller lån til prosjektet. Det fortel mykje om usikkerheita knytt til den vidløftige draumen om Eidfjord Resort, med sine lovnadar om skatteinntekter, arbeidsplassar og tilflytting i enden av regnbogen.

Det heile byrjar å minne meir og meir om dei nigerianske svindlarane som på epost presenterer seg som styrtrike prinsar, og kjem med lovnadar om enorme rikdomar, berre du sender dei «bittelitt» pengar først.

Dei aller fleste av oss skjønte veldig fort at lovnadar som høyrest for godt ut til å vere sant, ikkje er det heller; og at «styrtrike nigerianske prinsar» verken er prinsar eller styrtrike. Kanskje dei ikkje er nigerianske ein gong – men svindelen har blitt så nært assossiert med Nigeria, at nigerianske bankar ifølgje vår bank no presenterer seg med «don’t hang up, I actually represent a Nigerian bank!» når dei ringer sine europeiske kolleger.

Diverre håpar rådmann Magnus Steigedal i Eidfjord kommune så sterkt på lovnadane om framtidig rikedom at han altså tilrår for kommunestyret å gamble over hundre millionar kroner av fellesskapet sine midlar på at Eidfjord Resort lukkast denne gongen. Og om dei ikkje lukkast no, har Steigedal i alle fall gjort at Eidfjord kommune i realiteten blir med-investor i Eidfjord Resort. For høgdebassenget skal finansierast «ved selvkost», må vite. Som jo vil seie at det anten må inn veldig mange nye abonnentar, slik Eidfjord Resort har lova – eller så må dagens innbyggjarar førebu seg på ei klekkeleg auke i dei kommunale avgiftene framover.

Og det allereie før dei nigerianske prinsane har kravd flyplass i Eidfjord.