Jo, vindkraft er eit trugsmål mot naturmangfaldet

Norwea kan ikkje berre plukka ut dei utsegna som passar deira syn.

Debattinnlegg av:

Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet og

Synnøve Kvamme, fylkessekretær i Naturvernforbundet Hordaland.

At vindkraft ikkje er nemnt eksplisitt som eit overordna trugsmål i rapporten frå FN sitt naturpanel (IPBES), betyr ikkje at det ikkje er eit trugsmål mot naturmangfaldet i Noreg.

Det er bra at Norwea, vindkraftbransjen sin interesseorganisasjon, i BT 16. juni har fått med seg at det står dårleg til med artsmangfaldet i verda. Men dei har framleis ein lang veg å gå når det gjeld å forstå naturkrisa i ein norsk kontekst.

For det første gir forfattarane Daniel Willoch og Andreas Aasheim eit skeivt inntrykk av konklusjonane i rapporten til FN sitt naturpanel. Det stemmer at endra arealbruk og rovdrift er dei to viktigaste årsakene til at artar døyr ut i eit alarmerande tempo, men for landjorda er den klare hovudårsaka arealendringar, altså at dyr og plantar sine leveområde blir bygde ned, industrialiserte og fragmenterte.

Dette gjeld også i Noreg. Kvar femte norske art står på raudlista. 90 prosent skuldast inngrep, oppstykking og øydelegging av naturen, ifølgje Samarbeidsrådet for biologisk mangfold (Sabina).

For det andre er det ikkje hald i påstanden om at IPBES sin rapport blir brukt som «et sannhetsvitne mot utbygging av ny fornybar kraftproduksjon i Norge». Dei av oss som viser til rapporten i energidebatten, gjer det for å åtvara spesifikt mot dei typane energiproduksjon som øydelegg natur og økosystem.

I dag er det ingen andre former for energiproduksjon som øydelegg norsk natur i eit høgare tempo, eller i eit større omfang enn vindkraftutbygginga som no føregår. I dei fleste andre land vert vindkraft bygd i område som allereie er dominert av menneske, og i flatt terreng.

I Noreg, derimot, krev kvar einaste vindkraftturbin i gjennomsnitt 800 meter med breie anleggsvegar, som må sprengjast fram i terrenget i ein natur som er unik i verdssamanheng

Willoch og Aasheim påstår at folk som nyttar IPBES-rapporten som eit argument mot naturøydeleggande vindkraftutbygging, ikkje har sett seg inn i underlaget eller innhaldet, ettersom ein føresetnad i rapporten er at verda går over frå fossil til fornybar energi.

Ein skal vera forsiktig med å kasta stein når ein sit i glashus, for på side 114 i kapittelet dei sjølve refererer til, kan ein lesa at for å sikra at ei berekraftig energiomstilling, må den fornybare energien sin innverknad på dei andre berekraftsmåla, særskilt når det gjeld arealbruk, naturvern og relasjonen mellom natur og menneske, vega like tungt.

Me er samde i at energidebatten bør vera basert på eit felles faktagrunnlag. Då kan ikkje Norwea berre plukka ut dei utsegna frå rapportane som passar deira syn.

Innlegget ble publisert i BT 21. juni