Viktige sigrar

Vi har kjempa mange harde kampar for å ta vare på den fantastiske, norske naturen.

Nasjonalparkane

Naturvernforbundet var ein sterk pådrivar til opprettinga av dei fleste nasjonalparkane me har i Noreg, mellom anna Jotunheimen, Rondane og Hardangervidda.

Bevaring av fossar og elvar

To tredjedelar av dei største elvane i Noreg er i dag regulert, og sju av dei ti høgaste fossefalla ligg i røyr. Utan Naturvernforbundet hadde endå fleire vore tørrlagt og naturopplevingane og mangfaldet fattigare! Naturvernforbundet var ein sentral aktør i utviklinga av verneplan for vassdrag, og har mellom anna sikra varig vern av Opo med Låtefossen, Veig på Hardangervidda og Vettisfossen, som har vorte kåra til Noregs vakraste foss. Naturvernforbundet er stolt eigar av Vettisfossen.

Atomfritt Noreg 

Naturvernforbundet lykkast i å stoppa planane om etablering av atomkraftverk på Lindås på 1970-talet.