Årsmøteuttalar 14.4.24 i Hardanger
Les om gondolbanen til Rossnos, og Tryglavik.
Gondolbane til Rossnos – et misforstått kommunalt næringslivs-engasjement
Også i 2024 vil Hardanger Lift as bygge gondolbane til Rossnos. Etter to tap i retten velger Hardanger Lift, som er deleid av Ullensvang kommunen, likevel å fremme et revidert forslag til reguleringsplan.
Naturvernforbundet Hardanger konstaterer at Ullensvang kommune med ordføreren i spissen ønsker å bruke betydelige ressurser på å bygge ned internasjonal verneverdig natur. Dette i sterk kontrast til signalene fra Stortinget og departementene som i 2023 ønsker ekstra søkelys på villreinen og leveområdene deres i kommunene.
Statsforvalteren i Oslo og Viken startet i 2023 arbeidet med en tiltaksplan for Hardangervidda. Skrapesjuke, klovsjuke og dårlige fødselstall viser en villreinstamme med store utfordringer. Forvaltningen jobber mot konkrete tiltak i fjellet, som skal gjøre livet enklere for reinen; det er brukt store ressurser på kartlegging og mange frivillige organisasjoner er involverte.
Ved første klassifisering av de ti nasjonale villreinområdene våren 2022 var det seks områder med «dårlig kvalitet», og bare fire områder med «middels kvalitet». Hardangervidda som det desidert største område hadde «dårlig kvalitet»
På bakgrunn av dette og rødlistingen av villrein i 2021, ønsker Regjeringen en ny stortingsmelding om villreinen.
Gondolbane versus Naturavtalen
Norge har forpliktet seg til vern og bevaring av 30 % av all natur og areal ved signering av «Naturavtalen» i Montreal. Alle kommuner må forvente å skulle delta i denne utfordringen, også Ullensvang.
Skal villreinen overleve må den få områder uten inngrep og støy.
I en tid der det er ekstra fokus på naturens rolle for framtida og mennesket, er det spesielt usolidarisk og bygge gondolbane til Rossnos. Signaleffekten Ullensvang kommune sender til neste generasjon er ikke tillitsvekkende.
Naturvernforbundet Hardanger mener det ikke er en kommunal oppgave å legge til rette for store inngrep i eller nær nasjonalparken eller bidra med penger til selskap som vil utvikle masseturismen med gondolbane i nasjonalparkområder.
Natur trumfar industri i Tryglavik
Tryglavik er ein av dei vakraste og mest bortegøymde plassane i gamle Jondal kommune i Hardanger.
Rett etter tunnelen mot Sollesnes kan du rusla gjennom blandingsskogen og finna fred ved ei sjeldan vakker rullesteinstrend.
Enn så lenge kan du klatra ut på svaberget og gå på oppdaging medan du høyrer skvulpelydar frå fjorden. Du kan klatra og hoppa frå stein til stein til du er på Jona-neset midt i Hardangerfjorden. Her kan du bada og eta nista til eit sjeldan vakkert utsyn mot Vesoldo og Tørviknuten.
Er du fortsatt i turmodus, kan du fylgja dei små bonsai-furuene opp fjellryggen og over tunnelen, du nett køyrde igjennom. Du går til fjells på ein spennande og vinglete sti oppover og inn i naturreservatet Gullbergnotten, som for nokre år sidan vart betydeleg utvida. Du går i gamal storvaksen furuskog, der blåbær, insekt og fuglar trivst, og laangt der nede kan du ana livet i Jondal.
Men «snipp, snapp, snute så er eventyret ute» om Ullensvang kommune får bestemma.
Anleggsmaskiner og tonnevis med dynamitt vil omskapa paradiset til eit flatt industriområde med djupvasskai og storindustri. Kommunen har selt Tryglavik til eit spekulativt biogass-selskap, som igjen er selt vidare til andre aktørar som også vil tene pengar på «grønn industri» Alt dette er støtta av staten med 33 mill kr frå Enova.
Naturvernforbundet Hardanger er positiv til biogass, men det må vere utan å sprengja vekk det verdifulle fjordlandskapet.
Det er ein skuffande kortsiktig tankegang Ullensvang kommune presenterer med planane for Tryglavik. Nokon tonn med biogass skal forsvare ein utradering av eit unikt naturområde! Slike tankar var vanleg på 1960 – 70 talet, men bør ikkje diskuterast i 2024.
Frå 1995 til 1998 sto kampen om Hereiane som skulle vera Nordeuropas største pukkverk. I dag er det «diamanten i Hardanger» og tusenårs-staden i Jondal.
Slaget om Tryglavik har berre så vidt begynt. Naturvernforbundet Hardanger oppmodar politikarane i Ullensvang om å avvisa reguleringsplanen for Tryglavik.