Årsmøte og temamøte i Hardanger

Naturvernforbundet i Hardanger heldt nyleg sitt 3.årsmøte. Samtidig inviterte laget til ope møte om tilstanden til og forvaltninga av fjorden.

Foto: Eli Lund
Foto: Eli Lund

Små endringar i styret

Laget legg vinn på å halda møta sine rundt om i alle kommunane og bygdene det femnar om. Denne gongen var det Ulvik sin tur, og i tillegg til den harde kjernen sat difor nokre menige Ulvik-medlemar rundt bordet då styreleiar Klaus Rasmussen opna det formelle årsmøtet, 24.mars. Møtet er det tredje i rekka etter at laget vart stifta i 2023.

Rasmussen vart attvald som leiar, det same for Oddvar Soldal som nestleiar. Begge har adresse Kvam, med lang fartstid frå det eldre lokallaget der. Øvrige styremedlemar i 2025 er Lisa Karine Haugland og Arjo Kvamme (Lofthus), Bård Kråkevik (Jondal), Christen Winterthun (Odda) og Vigdis Nielsen (Ulvik). På varalista står Leona Wunderlich (Odda, Tore Bergum (Grimo) og Geir Flatabø (Ulvik).

Hardangerfjorden – ei økologisk krisesone?

Etter årsmøtet var det ope temamøte om forvaltning av Hardangerfjorden. Klaus Rasmussen innleidde om behovet for ei felles berekraftig forvaltning av den vidkjente og kjære fjorden vår, og dei trugslane som særleg oppdrettsnæringa utgjer. Alle kommunane var representert med ordførar eller tilsvarande. Timo Knoch er både ordførar i Eidfjord og rådsordførar i Hardangerrådet, han fortalde kort om korleis ein evt felles forvaltningsplan ligg an i den politiske løypa. Sven-Helge Pedersen fortalde om Hardanger villfisklag sitt årelange arbeid for å berga og styrka dei lokale stammene av laks og sjøaure. Det var rikeleg med engasjerte innlegg frå publikum i det 2,5 timar lange temamøtet.

Naturvernforbundet følger opp arbeidet for ein felles forvaltningsplan, mellom anna med ein møterunde med ordførarane. Det same gjer Hardanger villfisklag, seinast med dette utspelet i lokalpressa:

https://www.avisa-hordaland.no/lakselusa-drep-laksesmolten-og-sjoauren-no-krev-me-at-lokalpolitikarane-kjem-pa-banen/s/5-132-918306

Sven-Helge Pedersen. Foto: Sigrid Seim/Hardanger villfisklag.