Ein transportplan på ville vegar

TEKST: SYNNØVE KVAMME  

Når framtidas nordmenn ein gong i framtida blar i gamle aviser, vil dei nok klø seg i hovudet over oppslaga 28. februar 2017, då statsminister Erna Solberg var i Arna og presenterte nokre av hovudprosjekta i Nasjonal Transportplan. Vel eit halvår etter at Noreg stolt ratifiserte den mest ambisiøse klimaavtalen gjennom tidene, lovar den same regjeringa å finansiera ei rekke prosjekt som vil gje ein kraftig auke i klimagassutslepp: Nye firefelts motorvegar med plass til endå fleire bilar, og ny flyplass i Bodø. Det største vegprosjektet og naturinngrepet i Noregs historie, ferjelaus E39, skal realiserast innan 20 år. Dette harmonerer dårleg med løftet om å unngå dei farlegaste klimaendringane og kutta 40 % av klimagassutsleppa innan 2030.   

Vegtrafikken utgjer i dag 19 % av Noreg sine klimagassutslepp, og flytrafikken om lag 12 %. Gevinsten med betre teknologi, el- og hybridbilar har vorte eten opp av veksten i privatbilisme og flyturar, og utsleppa frå transportsektoren auka med 25 % i perioden 1990-2015. Private bilar utgjer den største  utsleppskjelda i vegtrafikken – likevel er det brei politisk semje om å legga til rette for auke nettopp i privatbilismen. Målet er at fleire skal kunna pendla med bil over lengre avstandar. Dette målet er ikkje berre dyrt i form av klimagassutslepp og naturinngrep, men også i kroner. E39 åleine har ein anslått kostnad på svimlande 340 milliardar kroner. Berre i Hordaland vil prosjektet koma i konflikt med 40 nasjonalt eller internasjonalt viktige naturtypar som Noreg har eit særskilt ansvar for. Såleis vil E39 bidra til å forsterka to av vår tids største problem: klimaendringane og øydelegging av naturen og artsmangfaldet. Til og med dersom alle bilane på E39 var elbilar, kan ikkje problematikken med mikroplast frå bildekk, ressursbruk og utslepp i produksjonsfasen utelatast frå reknestykket. 

Korleis kan Noreg sjå ut i 2030 dersom alle milliardane som er tiltenkt motorvegar og flyplassar i staden vert brukt til opprusting og sikring av vegane me allereie har, oppgradering av jernbanen, kollektivtransport, gang- og sykkelvegar og smart arealplanlegging? Om politikarane prioriterer levande samfunn der folk bur, jobbar og trivst, i gode og reine miljø, utan å vera avhengige av å ha privat bil for å koma seg fram? Ikkje berre vil me vera eit godt stykke på veg i omstillinga til eit haldbart samfunn – me vil også ha investert i folk si helse og trivsel – framfor å ha investert i vidare naturøydelegging, mikroplast, klimagassutslepp, kjedelege motorvegar, bilkø og frustrasjon. 


Publisert i NaturVest #1 2017. Finn magasinet på Issuu.