17.jun 2026

Folkemøte om Eviny sine kraftverk-planar i Vaksdal og Samnanger

Hva: Opent folkemøte
Når: 17.jun, kl. 18:00 – 20:00
Hvor: Dalesalen på Dale Skule (Dalseidvegen 7, 5722 Dalekvam)

Eviny planlegger å bygge tre nye vasskraftverk parallellt med eksisterande kraftverk i Vaksdal og Samnanger kommunar. I Bergsdalen (Vaksdal) og Børdalen (Samnanger) er det planar om effektkraftverk, og i Sotabotnen (Samnanger) planlegger dei eit pumpekraftverk (sjå meir om typane kraftverk nedanfor).

For å få belyst sakene på ein best mogleg måte, har Naturvernforbundet Hordaland tatt initiativ til dette folkemøtet, der Eviny er inviterte til å presentere sine planar, og der berørte partar kan legge fram sine argument. Det vil også bli høve for publikum å stille spørsmål.

Program (atterhald om endringar):

  1. Innleiing v/ Hege Eide Vik, ordførar i Vaksdal kommune
  2. Naturvernforbundet Hordaland om bakgrunnen for møtet, og om våre (førebelse) bekymringar & refleksjonar i høve planane
  3. Eviny orienterer om sine planar i Vaksdal og Samnanger (nye effektkraftverk i Bergsdalen og Børdalen; og pumpekraftverk i Sotabotnen)
  4. Vasskraftprosjektet i Bergsdalen sett opp mot EU sitt vassdirektiv. v/Sveinung Klyve, seniorrådgjevar for vassforvalting i Vestland fylkeskommune og vassområdekoordinator i Voss-Osterfjorden vassområde
  5. Korte appellar frå berørte partar/organisasjonar i Vaksdal/Samnanger
  6. Spørsmål frå salen

Arrangementet er naturlegvis gratis og opent for alle.

Velkomen!