Naturrestaurering på Voss
Velkomen til dugnad og fagleg påfyll om naturrestaurering!

Voss Naturvernlag har inngått eit samarbeid med Voss herad og Naturverkstaden AS om praktisk naturrestaurering, og vil framover arrangere fleire dugnadar med ulike lag, organisasjonar og andre i bygda.
Me inviterer i første omgang naturrestaureringsgjengen me har samla saman i våres, Natur og ungdom og Voss naturvernlag sine medlemer til ein sosial og aktiv kveld onsdag 28. mai klokken frå 17.30 – 20.30.
Program
17.30: Kva er naturrestaurering, og kvifor i all verda er det viktig å fjerne vakre blomar? ved Voss naturvernlag og Naturverkstaden.
18.00: Dugnad langs Vangsvatnet – me luker lupiner i lag i strandkanten.
19.00: Pause med kanelbollar og kaffi.
20.30: Me gir oss sjølv ein stor klapp på skuldra og seier takk for i kveld.
Praktisk informasjon
• Ta med spade og hanskar om du har. Voss naturvernlag har 14 spadar og 30 par hanskar til dei som ikkje har. (Spade: gjerne typen Fiskars classic spiss e.l)
• Oppmøte Voss kulturhus 17.30
• Ta gjerne med ein ven
Vel møtt – me gler oss til første spatak i eit spennande arbeid for å løfte naturrestaurering!



