Ta Bømoen tilbake og stopp nedbygginga!
6. juni 2024 skal formannskapet i Voss Herad møtast og diskutera Bømoen si framtid. Bømoen er eit kjært friluftsområde for mange innbyggjarar på Voss, og dette ynskjer me å markere før formannskapet går inn i møtet. Det vert appellar, parolar og ein sjanse til å visa dei folkevalde at vossingane vil ta vare på skogen og nærnaturen. Du er herved invitert!
Bømoensaka er ei viktig prinsippsak for Voss om korleis me behandlar naturen og innbyggjarane. Dersom reguleringsplanen glir igjennom, vil Bømoen som natur- og rekreasjonsområde vera tapt for alltid.
Ta Bømoen tilbake og stopp nedbygginga!
Praktisk info:
Tid: Torsdag 6. juni 08.15 – 09.00 (appellane startar 08.30)
Stad: Tinghusplassen på Voss
Det er mogeleg å laga parolar/plakatar på staden, elles er du hjarteleg velkomen til å ta med heimefrå. Meir detaljar kjem.
Hald deg oppdatert om Bømosaka
På denne nettsidahar me samla nyttig historikk og informasjon om Bømoen, følg med der på oppdateringar!