Flaumregulering i Vossovassdraget

Det finst gode alternativ til regulering utan kraftutbygging.

Bakgrunnen for at spørsmålet om flaumregulerande tiltak i Vossovassdraget no har kome opp er at
fleire vassdrag på Vestlandet i oktober 2014 vart råka av storflaum. Folk flest opplevde det som skræmande medan det stod på, og det var omfattande skader på bygningar og infrastruktur. M.a. vart tettstadane Aurland, Flåm, Odda og Voss hardt råka. 

Klimaprognosar viser at slike flaumar vil bli større og kome oftare i framtida. På denne bakgrunn vart Multiconsult våren 2016 engasjert av Voss kommune og NVE for å sjå på «alle mogelege tiltak» for å redusere omfanget av framtidige skadeflaumar i Vossovassdraget. I hovudsak er problemstillinga slik at tettstaden Vossevangen med jamne mellomrom kan bli overfløymt av innlandsbassenget Vangsvatnet med eit areal på om lag 7,5 km2. Etter ein prosess der interesserte aktørar kunne kome med innspel vart i alt om lag 20 innspel registrert. Multiconsult valde å arbeide vidare med 10 av desse innspela som i sluttrapporten vart presentert som alternative løysingar på flaumproblema. Desse alternativa vart vurdert i forhold til flaumdempande evne og i nokon grad prissett.   I Voss Naturvernlag vart det tidleg i prosessen klart at skulle me verte tatt på alvor i lokalsamfunnet, var det ikkje nok å fremje argument som for eksempel å verne om og restaurere våtmark, elvesletter og myrer som har evne til å ta opp store mengder vatn. Restaurering og vern av skog i bratt terreng, kantsoner og andre område som er viktige for å hindre erosjon ville heller ikkje åleine ha nokon effekt innanfor det tidsperspektivet det her var snakk om.   Vossovassdraget oppstraums Vossevangen er varig verna. Det har difor vore viktig å få fokus bort frå denne delen av vassdraget, der kraftbyggjarar fremja utbyggingsplanar som del av  flaumregulerande tiltak. Naturvernlaget valde difor å kome med innspel om flaumtunnell nedstraums Vossevangen, ved utløpet av Vangsvatnet mot vest. Dette framlegget vart teke med i Multiconsult sine planar som alternativ 6A og 6B i bearbeidd form. I Naturvernlaget sitt opprinnelege innspel var det rekna med ein tappetunnell med areal på om lag 80 m2 og helling på 1:1000. Ved å starte nedtapping av Vangsvatnet i forkant ved flaumvarsel ville dette kunne redusere vasstanden i Vangsvatnet med om lag 90 cm i døgnet. For å sikre lokalsamfunna nedstraums Vangsvatnet, m.a. Evanger, er det også funne nødvendig med ein flaumtunnell mellom Evangervatnet og Bolstadøyri.   Dette er ikkje første gongen det verna Vossovassdraget er under press av kraftutbyggjarar. Deira hovudargument denne gongen var at regulering for kraftutbygging er eit effektivt flaumregulerande tiltak og at storflaumen i 2014 har skapt ein heilt annan situasjon enn ved tidlegare framstøyt. Det er nok ein heilt rett analyse, men det er også andre sider ved Vossasamfunnet som har endra seg mykje dei siste åra. Voss er blitt staden for dei gode naturopplevingane, det er etablert blomstrande føretak som byggjer si verksemd på naturbaserte opplevingar med nettopp den verna delen av elva som ein naturleg føresetnad.   Bygda er også så heldig at det rundt 2000-talet vart gjennomført ei grundig undersøking omkring betalingsviljen for å behalde eit anna vassdrag i kommunen urørt. Undersøkinga vart gjennomført av det som den gongen var Landbrukshøgskulen på Ås, no NMBU (Norges Miljø- og Biovitenskapelege
Universitet) og var på førehand godkjent av utbyggjar (BKK), grunneigarar, hytteeigarar og kommunen.    Sidan både vassdraget som den gongen vart undersøkt, og Vossovassdraget ligg i tilknyting til det same lokalsamfunnet, er det mogeleg å overføre resultata frå undersøkinga til dagens situasjon ved
bruk av overføringsfunksjonar. Slik kjem det fram at betalingsviljen for å halde Vossovassdraget oppstraums Vossevangen urørt kan prissetjast til 43,8 mill kroner årleg. Men det har som nemnt tidlegare skjedd mykje på Voss etter år 2000. Ekstremsportveko var i ein heilt annan divisjon og m.a. Voss Active var knapt påtenkt slik at dei verdiane som årleg vert generert på grunn av dei
naturkvalitetane som ligg i vassdraget kan summerast til 86,9 mill kroner.   No er det ikkje ukontroversielt å setje verdi på naturgoder på denne måten, slett ikkje alle tenester som naturen yter oss kan utan vidare prissetjast og ikkje alle er samde i denne måten å sjå det på. Men der det finst ein marknad, hypotetisk eller réell, finst det ei mogelegheit. Og kroner
og øre er eit språk som det politiske miljøet forstår. Når det, slik som i dette tilfellet, kan dokumenterast at verdien av naturgodene er høgare, eller i alle fall like store som det kraftinntektene årleg vil generere, er det vel ikkje noko grunn til å byggje ut? Og det er ikkje plass til
begge delar. I tillegg er det slik at når det gjeld verdien av naturgodene er me berre i startfasen av utviklinga medan kraftprisane i framtida i beste fall er usikre.   Sjølv om det lenge såg ut til å gå andre vegen, har Voss kommunestyre i vedtak den 16.2.2017 inntil vidare lagt bort planane om flaumregulering knytt opp mot kraftutbygging. På kartet er
kraftutbyggingsalternativa representert ved alternativ 2 og 3 der vatnet ville bli ført ut av vassdraget til Granvinsfjorden med berre minstevassføring att i elveløpet. Kommunestyret har samstundes gitt NVE i oppgåve å finne den beste løysinga for flaumregulering. Denne jobben skal NVE bruke det neste året på, så får finansiering av løysinga verte neste steg.   Voss Naturvernlag er ikkje den einaste lokale aktøren som har engasjert seg i denne saka, sjølv midt
i vernemiljøet er ein overraska over kor sterkt og godt verneinteressene er blitt hevda. No er det gjeve eit lite pusterom og miljøet er ved godt mot. For i siste instans har Stortinget sagt at konsesjonshandsaming i verna vassdrag skal leggjast fram for Stortinget og berre vurderast i dei tilfelle der andre flaumdempande tiltak er utprøvd, liv og helse står på spel og verneverdiane
ikkje vil påverkast nemneverdig. At naturverdiane i eit verna vassdrag er store seier seg sjølv. Og det er peika på gode alternativ til flaumregulering utan kraftutbygging.   Kåre Flatlandsmo er leiar i Voss naturvernlag. Ein del av talmaterialet og faktaopplysningane i denne artikkelen er henta frå rapporten «Verdisetjing av naturgoder i Vossovassdraget», gjeve ut av Voss Naturvernlag i januar 2017.


Mellom dei lag og organisasjonar som har samarbeidd i saka finn me m.a.:
• Voss Naturvernlag
• Voss Utferdslag
• Voss Jeger-og Fiskarlag
• Voss Kajakklubb
• Stiftinga Voss Klekkeri
• Ekstremsportveko
• Voss Active
• Naturvernforbundet
Hordaland
• Forum for Natur og
Friluftsliv
• Enkeltpersonar


Teksten er også publisert i medlemsmagasinet NaturVest #1 2017.