Hardangerkommunane må ta større ansvar

Det hastar å fremme ein interkommunal plan for fjorden.

Uttale frå stiftingsmøtet i Naturvernforbundet Hardanger 8. mai 2023.

Oppdrettsindustrien pressar på

Det hastar å fremme ein interkommunal plan for fjorden. Laksenæringa vil ha nye områder lengre inne i fjorden som er utan lus og sjukdom. Dersom ikkje lokalpolitikarane går saman og lager ein truverdig strandsoneplan vil den siste villaksen snart vera historie.

Hardangerfjorden er ein unik terskelfjord i verda

Fjorden er også blant verdas mest brukte til oppdrett. Miljøbelastinga har ikkje betra seg etter at «trafikklysmodellen» vart innført.

I produksjonsområde 3, døyr 24 prosent av fisken i merdane i dag.  Dødstalet for heile landet er 16 prosent. Talet på lakselus og spreiinga av lakselus til villfisk er skremmande høgt.

Ureinar må betale

Berre i den midtre del av Hardangerfjorden, slepper oppdrettsindustrien årleg ut næringsstoff tilsvarande 400.000 innbyggjarar.. Utsleppa er ein ressurs som ikkje vert teken vare på og som til slutt vert ein del av klimaproblematikken.  Naturvernforbundet Hardanger vil ha lukka anlegg som hindrar rømming, spreiing av lakselus og avfall. Opne anlegg må fasast ut innan 2030 og bør aldri etablerast innan for Ålvik.

Demokratisk underskot

Det er fylkesbyråkratane som i dag bestemmer konsesjonspolitikken. Naturvernforbundet vil flytte ansvaret ut av byråkratikontora og tilbake til politikarane.  I ein bransje med enorme kapitalgevinstar er det særleg viktig med transparente og demokratiske prosessar.

Forvaltinga av Hardangerfjorden må basera seg på vitskapleg kunnskap. Villfisken har forsvunne i takt med veksten i oppdrettsindustrien. Nå er det tida å stå opp for laksen og sjøauren.