Hogst i gammal skog på Linga

Barskogsområdet ved Linga og mot Strandebarm bør vurderast for frivillig vern.

Lingaskogen

Det tok omtrent eit halvt år før statsforvaltaren svarte på vår bekymringsmelding om hogst i eldre furuskog på Linga i Kvam. Svaret var ein klar og tydelig kritikk av Kvam herad som har hoppa bukk over det meste i sakshandsaminga. Heradet har rett og slett ikkje gjort jobben sin og resultatet er ei uthogd furuskog og ein lang skogsveg inn i eit område som burde ha vern. Naturvernforbundet vil jobbe for at barskogsområdet ved Linga og mot Strandebarm bør vurderast for frivillig vern.

Les statsforvalteren sit brev til Kvam herad og Bergens Tidende om frivillig vern av skog i Sogn