Kva er eigentleg grøn industri?

Onsdag 5. oktober hadde Naturvernforbundets faggruppe for bygg og energi invitert til Naturleg onsdag på Litteraturhuset i Bergen. Temaet for kvelden var grøn industri. Korleis kan ein drive industri som støttar opp under det moderne samfunnet utan å gå på bekostning av naturen? Kva skal til for å oppnå ein reelt bærekraftig industri?

Omlag 50 skodelystne fylte Boksalongen, i tillegg til dei som fylgde med på videostraumen på Youtube (som ligg her), samla seg for å få med seg møtet, som vart åpna av Øystein Lunde Heggebø.

Vi må identifisere våre behov
Øystein Lunde Heggebø, leiar av Naturvernforbundet Hordaland sin faggruppe for bygg og energi, starta med ein introduksjon til temaet bærekraft.


Øystein Lunde Heggebø, leiar av Naturvernforbundet Hordaland sin faggruppe for bygg og energi, innleiar om berekraft. Foto: Ragnhild Gya.

Menneske er avhengig av naturens syklusar for å oppfylle sine behov, bærekraft handlar om å ta vare på desse naturlege syklusane, sa Heggebø. Eit stort problem i dag er at vårt økologiske fotavtrykk stig kvart år med ei mykje større vekstrate enn jordas biokapasitet. Faktisk nyttar vi i dag 1,5 x meir ressursar enn det som er tilgjengelig av produktivt areal. Naturen har ni tålegrenser, av desse er det fire som er akutte; tap av biodiversitet, biokjemisk flyt av nitrogen og fosfor, endring og bruk av landareal og klimaendringar. Ein ser at det økologiske fotavtrykket veks i takt med den raske stigninga av verdas populasjon. Vi må identifisere våre behov, og deretter diskutere korleis vi kan dekkje desse behova, avslutta Heggebø.

Kan oppdrettsnæringa verte bærekraftig?
Onsdagens andre innlegg vart heldt av professor ved NTNU; Jon Olaf Olaussen. Olaussen snakka om fiskeoppdrettsnæringa i lys av dagens tema. 


Professor Jon Olaf Olaussen (NTNU) innleiar på Naturleg onsdag 5.10.2016. Foto: Mathea Born.

Oppdrettsnæringa vokse frå ein produksjon på 300 000 tonn i 1997 til 1 300 000 tonn i 2015. Trass i den store suksessen er det òg ein del utfordringar. Rømt laks frå oppdrettsanlegg har vist seg å ha stor genetisk påverknad på villaksen. Lakselus frå oppdrettslaksen vert eit problem for både villaks-smolt og for sjøørreten, som lev heile livet sitt i fjorden. Avfall frå norske oppdrett tilsvarar kloakk-utslepp frå omtrent 20 millionar menneske som sleppast direkte ut i havet. 

Olaussen presenterte to hovudmåtar å løyse desse problema på. Den første alternativet er å endre på dagens produksjonsmetode. Her er det fleire punkt å ta tak i; sikrare merder, betre rutiner, nye lusemiddel osv. Det andre alternativet er å finne ei ny produksjonsmetode. Her nemner Olaussen moglegheitene ved lukka anlegg anten i sjøen eller på land. Lukka anlegg på land, meiner han, vil løyse både problemet med lakselus, rømming og avfall. 

Mikroalgar som fiskefôr
Hans Torstein Kleivdal er forskingsleiar ved Uni Research og førsteamanuensis II ved Universitetet i Bergen. Kleivdal heldt eit interessant innlegg om korleis vi skal vere med på å utvikle havbruk og akvakultur i ei meir bærekraftig retning.

Kritisk drøfting av innlegg på Naturleg onsdag. Foto: Ragnhild Gya
Ei utfordring ved den marine matproduksjonen er å nytte bærekraftige fôrressursar, her trengs det nye alternativ. I dag nyttar ein fiskeolje som er ein viktig komponent i fôret til laks. Kleivdal meiner ein får ein meir effektiv energiutnytting dersom ein hentar ut energien på lågare trofiske nivå. Her vert marine mikroalgar presentert som eit bærekraftig alternativ til fiskeolje. ”Heile algen er ein næringsrik pakke som vi kan nytte direkte inn i fiskefôret,” seier Kleivdal. På teknologisenteret på Mongstad undersøkjer Kleivdal om det er mogleg å utvikle ei næringskjede frå CO2 til algar og sollys til å verte ei ny fôrressurs. I tillegg vil ein sjå på moglegheita til å få til ein sirkulær økonomi ved å gjenbruke avfall frå oppdretta som ein ny fôrressurs. Hovudutfordringane i dag er at produksjonen er for kostnadskrevjande og produksjonsvolumet er for lite. Her jobbast det med å effektivisere produksjonen. 

Kebony – bærekraftig byggjemateriale gjennom grøn kjemi
Kveldens siste innlegg vart heldt av Per Brynildsen. Brynildsen er teknisk direktør i firmaet Kebony, som driv bærekraftig produksjon av treverk.

Klikk på biletet for å sjå Per Brynildsen sin presentasjon.

Regnskogtømmer er eit edelt treverk som er eit populært produkt. Tropisk regnskog er svært viktig for jordas klima og biodiversitet, derfor vil Kebony vere eit bærekraftig alternativ til denne typen produksjon. Dette vert gjort ved å få furu til å likne på edlare treverk som tropisk regnskogtømmer, ved hjelp av det Brynildsen kallar grøn og fornybar kjemi. Kebony utnyttar eigenskapen tre har til å ta til seg væske ved å fylle treverket med vatn og furfuryl alkohol. På denne måten får ein plankar som er brunare og hardare enn det opprinnlege treverket, ein får i tillegg produkt som er haldbare over lengre tid. Ved å nytte denne teknologien har Kebony produsert alt frå terrasser til Gibson-gitarar.  

Paneldebatt
Etter innlegga var det klart for debatt, leia av kveldens første innleiar – Øystein Lunde Heggebø. I tillegg til Olaussen, Kleivdal og Brynildsen var også dagleg leiar i Naturvernforbundet Hordaland Nils Tore Skogland med i panelet.


Paneldebatt på Naturleg onsdag. F.v.: Øystein Lunde Heggebø, Jon Olaf Olaussen, Hans Kleivdal, Nils Tore Skogland. Foto: Ragnhild Gya

Heggebø starta paneldebatten med å stille kveldens store spørsmål: kan vi skape ein industri som kan fungere innanfor naturens tålegrense? Olaussen meinte dette absolutt var mogleg, det er noko vi bør ha som mål. For at dette skal vere mogleg må myndigheitene ta styring og tvinge industrien i riktig retning. Kleivdal sa seg einig i dette. Samtidig vil all produksjon ha eit miljøavtrykk. Vi vil nok aldri komme på null, men klarer ein å finne nye og meir bærekraftige produksjonsmetodar enn det ein allereie har er ein på riktig veg. Ein engasjert Skogland peika på at ein slik tankegang vil aldri hjelpe oss i å nå målet om ein bærekraftig industri. Her krevjast det eit større paradigmeskifte. Framfor å spørje om vi kan drive ein industri innanfor naturens tålegrense må vi gjere oss kjent med korleis naturen fungerer og bidra etter same prinsippa som det naturen gjer. Til dette svarte Kleivdal at eit slikt paradigmeskifte er noko som sjeldant skjer. Fram til det skjer må ein arbeide med inkrementelle forbetringar. Her er det ikkje snakk om like store og radikale endringar men det er eit steg på vegen fram til ein får ein radikal innovasjon. 

Vidare gjekk diskusjonen inn på viktigheita av tverrfagleg kunnskap i innovasjonen. Kleivdal nemnde at, som forskar, er det enkelt å velje ei problemstilling og sjå kun på det. Samtidig seier han at han ser ei stor forbetring med auka fokus på tverrfaglege prosjekt. Skogland fortsatte: ”Biologi må bli eit strategisk leiingsfag på same måte som økonomi, juss og ingeniør. ” Framfor å komme med nye løysingar som naturen aldri har sett før bør ein sjå på korleis ting har vorte løyst i naturen tidlegare og ta utganspunkt i det. Dette kallast ”innovasjon inspirert av naturen.” 

Stort engasjement frå salen
Det var mange til stades i publikum denne onsdagen og engasjementet var stort. 
Arild Hermstad frå Framtiden i våre hender var den heldige som først kom til orde. Hermstad kommenterte at tanken Skogland hadde om ”innovasjon inspirert av naturen”  er ei naiv løysing som undervurderer den enorme krisa vi har i dag, det må større endringar til. Til dette svara Skogland at det ikkje handlar om ein idéell situasjon, men om ei retning vi skal bevege oss i forhold til. Det er ikkje naivt å gå i den retninga når ein veit at det er dit ein må, framfor å gå for andre lite gjennomtenkte løysingar som skapar problem i neste fase. 

Eirik Hordnes frå Naturvernforbundet Hordaland si bygg- og energigruppe spurde Kleivdal om kva definisjon på bærekraft Uni Research tek utgangspunkt i. Til dette svarte Kleivdal ”at det ikkje skal gå utover miljøet i varig grad.” Han understrekar at ein må sjå korleis det er i dag og om det er mogleg å gjere forbetringar.

Siste spørsmål kom igjen frå Eirik Hordnes som spurde panelet om konkrete dømer på kva dei meiner er bærekraftig. Olaussen repeterte sitt døme med lukka anlegg i oppdrettsnæringa. Samtidig peika Olaussen på, og snudde seg mot Kleivdal, at dersom vi skal redde matsituasjonen i verda må vi ned på mikronivå. Kleivdal nikka og fortsatte; fôrressursar som ikkje går på bekostning av matproduksjon er bærekraftig. Brynildsen kommenterte at ein produksjon er bærekraftig dersom ein ikkje bryt ein syklus eller forandrar miljøet permanent. I tillegg kan ein ikkje sleppe ut noko som naturen sjølv kan gjenvinne, fortsatte Skogland. Ein kan ikkje bryte opp naturområder og ein kan ikkje systematisk hindre folk i å oppfylle sine behov. Bærekraft definerer eigentleg kva du kan gjere innanfor rammene på eit spel. Dagens miljøteknologi opererer på kanten av spelet.

Elise Eidset,
Naturvernforbundet si faggruppe for naturmangfald i Hordaland


Etter paneldebatten fortsette diskusjonen i hyggelege omgjevnader i Boksalongen på Litteraturhuset i Bergen.

Vil du bli med i ei av faggruppene våre? Det er sosialt, fagleg spanande og veldig gøy! Les meir, og meld deg inn i ei av gruppene her. Vi har til saman om lag 60 friviljuge som blant mykje anna planlegg og gjennomfører ein Naturleg onsdag kvar i halvåret.


Naturlig onsdag er en sosial og faglig møteplass som arrangeres av Naturvernforbundet Hordaland første onsdag hver måned kl 19:00 i Boksalongen på Litteraturhuset i Bergen. Arrangementet er gratis for medlemmer av Naturvernforbundet og Natur og ungdom. Andre kan velge om de vil bli medlemmer i døra eller betale 50 kr. Betal med kort i døra eller søk opp Naturlig onsdag i Vipps (51 kr).

Vil du finne ut mer om det som skjer?