Mange tiltak for å redda reinstamma på Hardangervidda

Drastiske tiltak må setjast i verk for at viddareinen skal sikrast ei framtid.

Tekst: Oddvar Soldal. Foto: Lars Gunnar Lundblad

På eit ope møte som det nystifta Naturvernforbundet Hardanger heldt 8. mai fekk viltbiolog Tor Punsvik mange til å heva blikket. Tor Punsvik argumenterte for ein tiltakspakke som byggjer på økologi og tek omsyn til sjukdom, stammeforvalting, utbygging, ferdsel og lovverk. Alt med eit bakteppe av de pågåande og prognoserte klimaendringane.

Rovdyr har ein plass i ville dyrebestandar

Som nyleg pensjonist har den røynde villreinkjennaren Tor Punsvik ingen økonomiske eller politiske bindingar. Han auser av fagkunnskapen sin med eit økologisk utgangspunkt.

Punsvik var med i ekspertgruppa som på oppdrag frå Miljødirektoratet la fram «Miljøkvalitetsnorm for villrein» i 2017.

– Då stod den prekære situasjonen på Hardangervidda sentralt i tilrådingane våre. Dette var før skrantesjuka var påvist her. At sjukdomen dukka opp også på vidda var ikkje uventa for meg, seier han.
Han viser til korleis rovdyr som er til stades i ville dyrebestander, tek ut skadde og sjuke dyr.

– Utan predatorar vert dyrestamma svekka, og sjukdom og parasittar får rikeleg høve til å spreia seg. Diverre er me jegerar i den andre enden av skalaen, og jegerseleksjonen har lenge vore mistenkt for å svekka einskilde reinstammar ved at dyrevekta vert lågare, seier Punsvik som sjølv er jeger. Han meiner at jerven er det rovdyret som høver best og skapar minst konflikt. Han trur at jervestamme på Hardangervidda ville ført til ein friskare og meir robust villreinstamme og meiner det er ein del av ei økologisk tilnærming i forvaltinga.

Tor Punsvik. Foto: Lars Gunnar Lundblad

Redusera ferdsel og utbygging

Menneskeleg forstyrring og utbygging er ein av dei største utfordringane for villreinen vår. På Hardangervidda har dette vore i fokus lenge.

– Oppmodingar og informasjon ser ut til å ha for liten verknad. Kitarane med segl svevar raskt som store rovfuglar og skremmer dyra, og særleg sårbare er kalvtunge simler. Ein treng ikkje forby all kiting, men slik aktivitet må avgrensast til område der det ikkje er rein, meiner Punsvik.

Reinen sine leveområde har vorte tekne i bruk til utbygging bit for bit. Som tidlegare offentleg sakshandsamar viser han til at sjølv om det er nei frå vilt- og naturfagleg hald, endar det for ofte til slutt med eit departementalt ja.

– Det næraste dømet er utbygginga Eidfjord Resort. No kan det diverre sjå ut til at uttbyggingskåte næringsinteresser og applauderande lokalpolitikarar vil gjera den same feilen med banen til Rossnos i Odda, seier Punsvik og legg til at politiske festtalar hjelper ikkje villreinen når utbygginga held fram, bit for bit. I løpet av dei siste 30 åra har hyttebygging i og i grensene til villreinområda eksplodert. Det er på tide å heva blikket. Villreinen sin lagnad på nasjonal og internasjonal raudliste er heller ikkje i tråd med forpliktingane våre etter Bernkonvensjonen eller EU sitt landskapsdirektiv.

Synnøve Kvamme. Foto: Lars Gunnar Lundblad.

Sauehald og ansvaret for villrein

Punsvik tok utgangspunkt i det norske ansvaret for å ta vare på villreinen som er enda meir aktuelt etter FN sitt naturtoppmøte i Montreal i fjor.

– Eg har stor respekt for dei som driv med sau, Men eg stiller spørsmål ved det massive beitepresset i fleire villreinområde. Det ser ikkje ut til å vera vilje til å studera økologiske effektar av sauebeite. I tillegg kjem smittepresset ved bruk av saltsteinar, og fleire saueparasittar og sjukdommar er nå påvist på villrein. I viktige beiteområde for reinen bør ein forby saltslikkesteinar!