Naturvernforbundet seier nei til utvida konsesjon for Lyse Kraft i Røldal-Suldal-vassdraget
Illustrasjon: Adele JaunnNaturvernforbundet i Hardanger og Hordaland konkluderer negativt i ei fersk fråsegn til konsesjonssøknaden frå Lyse Kraft. Anlegget vil ved realisering bli eitt av dei første verkeleg store «pumpekraftverka» i landet. Teknologien er omstridd: På eine sida kan han bli ei viktig brikke i ei grøn omstilling av energisystemet, på andre sida kan konsekvensane for den lokale naturen bli alvorlege. For Naturvernforbundet vart det siste viktigast.