Nytt lokallag i Bjørnafjorden!

Og lokallaget får profesjonell hjelp frå første dag!

Sidan januar i år har fire driftige medlemmer jobba for å få på plass eit lokallag i Bjørnafjorden. Merkeleg nok har det ikkje vore noko lokallag her tidlegare, til tross for at vi har mange medlemmer her, og til tross for at kommunen er svært sentral for ein av sakene vi har jobba mest med dei siste åra; det megalomane vegprosjektet Hordfast.

Silke, Astrid, Tilda og Ida har fungert som settestyre fram til skipingsmøtet, som vil gå føre seg på Os bibliotek 22. april kl 1800. Fleire detaljar om skipingsmøtet finn du her.

Vi ønskjer også å sende ein varm takk til våre øvrige medlemmer som har tilbode sin bistand og kompetanse til settestyret, men som av ulike grunnar ikkje har høve til å stille som styremedlemmer. Vi har mange kompetente og handlekraftige medlemmer i Bjørnafjorden!

Det ser elles ut som vårt aller nyaste lokallag vil få ein «flying start»: Fylkesadministrasjonen vil sjølvsagt også bistå med praktisk hjelp etter behov framover. Men Naturvernforbundet Hordaland har også blitt invitert med på EU-prosjektet PRO-CLIMATE, som skal forske på kva som utløyser endringar på klimafeltet i tre år. Dei ønskjer difor å følgje eit lokallag «frå fødselen». Men forskingsprosjektet skal ikkje berre observere, dei skal også bidra aktivt. Dermed vil lokallaget i Bjørnafjorden få hjelp av ein svært kvalifisert PhD-kandidat i dei neste tre åra!

Vi ønskjer vårt (førebels) nyaste lokallag lukke til, og oppmodar alle medlemmer med interesse og/eller adresse i Bjørnafjorden om å engasjere seg i lokallaget!