Nytt lokallag i Hardanger

8. mai stiftar medlemmene i Naturvernforbundet eit nytt lokallag. Naturvernforbundet i Kvam vert lagt ned og eit nytt regionalt lag, «Naturvernforbundet Hardanger», ser dagens lys.

Eit glimt frå Vossadalen, ein del av Øystese-vassdraget. Foto: Lars A. Oma

8. mai stiftar medlemmene i Naturvernforbundet eit nytt lokallag.
Naturvernforbundet i Kvam vert lagt ned og eit nytt regionalt lag «Naturvernforbundet Hardanger» ser dagens lys. «Sidan kommunesamanslåinga har det vore planen å få eit lokallag i Hardanger», uttalar Tom Skauge, leiar i Naturvernforbundet i Hordaland.
«Tida har gått ifrå dei små organisasjonslaga i kvar bygd; det kan vere tøft å stå i opposisjon i små samfunn. Eit regionalt lag kan lettare løfte fram dei viktige sakene og få fokus på miljø og klima»


Oppdrett i indre Hardanger

For saker er det nok av i dei 4 kommunane som laget skal representere.
Kvam, Ullensvang, Ulvik og Eidfjord har som alle norske kommunar store utfordringar.

Utanom klima har me to store utfordringar i vår region. Den mest tydelege er oppdrettsindustrien og strandsoneforvaltninga. Alle dei fire kommunane vil halda fram med nedbygginga av strandsona, slik me har sett i Tryglavik nær Jondal. Oppdrettsindustrien pressar på for å få nye lokalitetar i Ullensvang og Ulvik. Opne merdar i indre Hardanger er eit sjansespel for villfisken og fjorden!


Villrein på raudlista

Den andre store utfordringa i regionen er villreinen på Vidda. Raudlyset blinkar også her som for villaksen! Villreinen har i tiår etter tiår vore pressa gjennom arealinngrep, landbruksinteresser og meir turisme. Dersom skrantesjuka får feste kan det ende med ei massiv nedslakting.
Naturvernforbundet vil ha ei meir naturleg og økologisk tilnærming til forvaltninga. I 40 år har forvaltninga vore styrt av landbruks- og jegerinteresser i tillegg til hyttebygging i, og nær, nasjonalparken.
«Me ser at vår måte å forvalte naturen og reinstamma på, har slått feil» påpeikar Klaus Rasmussen, styremedlem i det nye Hardangerlaget «Kanskje det er tid for å tenkje nytt. Ute i verda er det ein veksande forståing for rewilding.»

Naturvernforbundet vil gå i bresjen for ein større diskusjon om rovdyra si rolle i forvaltninga av naturen. Dette vert hovudtemaet på møtet i Odda 8. mai.


For meir info ta kontakt med Klaus Rasmussen
klaus.tpt@gmail.com 4566 7708