Pressemelding frå årsmøte i Naturvernforbundet Hordaland

Fem uttalar, nytt styre og ærespris.

Laurdag 16.03.2024 vart det avhalde årsmøte i Naturvernforbundet Hordaland i Krohnhagen Kafé. Her er ei oppsummering av dei viktigaste vedtaka:

1) Årsmøtet vedtok fem uttalar, med tema frå samferdsle til energi, vern og forbruk. Alle uttalane er vedlagt, men vi tar med overskriftene her:

  1. De store samferdselsprosjektenes tid er forbi – leve Bergensbanen! NVH kan ikke støtte dagens plan for Ringeriksbanen, men ber om ny plan for jernbanetrase som skal spare reisetid på Bergensbanen med 1 time.
  2. Rein, rettferdig og naturvennlig energi – NVH vil prioritere sparetiltak fremfor mer utbygging av energi, og at strømstøtte og -pris må stimulere til ENØK-tiltak på en effektiv måte.
  3. Bybane haster – ikke motorvei. Årsmøtet støtter fylkets plan om å bygge Bybanen frem til Amalie Skrams vei med vedtatte reguleringsplan som første byggefase.
  4. NVH ønskjer varig vern av Kanadaskogen 
  5. NVH ønskjer meir natur- og klimavenleg forbruk

2) Nytt styre valt – Tom Skauge og store delar av styret vart attvalde/fortsetter i sine verv, men styret vart også forsterka med to gode namn: Helene Ødven (tidl. Leiar av Turlaget, no direktør på Arboretet) og Lene Kristin Hansen (Nestleiar i Naturvernforbundet Øygarden, og rådgjevar + bærekraftansvarleg i Norce).

3) Årsmøtet delte ut ærespris til Synnøve Spangelo for hennar vel 6-årige innsats for å avdekke og forfølgje ulovlegheiter kring Skogsbilvegar i Bergensområdet. Bilete frå overrekkinga av æresprisen vedlagt.

4) Nytt arbeidsprogram vart vedteke – dette skildrar hovudlinjene i kva Naturvernforbundet Hordaland skal jobbe med det neste året. Arbeidsprogrammet er vedlagt.

5) Årsmeldinga for 2023 vart godkjent utan merknadar. Rekneskapen viser eit underskot for 2023 på 184.000 kr. Årsmeldinga som viser eit aktivt fylkeslag og aktive lokallag  er vedlagt.

Spørsmål om årsmøtet/sakene kan rettast til

Styreleiar Tom Skauge
Tom.Skauge@hvl.no
91606803


Vi nemner også at Naturvernforbundet no har flytta frå Bryggen til Friluftslivets Hus i Tverrgaten 4-6 (i Marken).