Silke tar vare på naturen som gir oss liv
Silke Becker er lokallagsleiar i Bjørnafjorden og jobbar for å hindra at skogen vert bygd ned.

Silke Becker
Rolle: Silke er leiar i Naturvernforbundet Bjørnafjorden
Alder: 59
Sivilstand: Gift
Bosted: Opprinneleg frå Tyskland. Bur på Os
Yrke: Duty Manager på Solstrand Hotel&Bad
Politisk karriere: Avløysar for styreleiar i Miljøpartiet De Grønne Os
Medlem i Naturvernforbundet sidan 2022 og pådrivar for etableringa av lokallaget i Bjørnafjorden i 2024.
Kva er den viktigaste saka for Naturvernforbundet Bjørnafjorden akkurat no?
For oss er det aller viktigaste å behalda den naturen vi framleis har og hindra at skogen vert bygd ned til fordel for store utbyggingsplanar i avsidesliggande strøk av kommunen. Ofte er det snakk om nedbygging av verdifull natur. Eg meiner at dette handlar om eit reknestykke som ikkje går opp. Ikkje berre eit økonomisk reknestykke for kommunen, men også når vi snakkar om den fritidsverdien som naturen er for oss. Slik utviklinga går i dag, vil ikkje dette reknestykket gå opp til slutt.
Kva synest du er det mest meiningsfylte ved jobben som leiar i Naturvernforbundet Bjørnafjorden?
I starten følte vi oss i styret ganske isolert og åleine, men etter kvart har vi blitt kjent med fleire interesserte og engasjerte som vi kan snakka med, diskutera med og dela våre frustrasjonar og gleder med. Vi prøver å møtast regelmessig i tillegg til styremøta for å lesa saman og utveksla kunnskap, mellom anna dersom ein av oss har vore på eit seminar for eksempel. Vi har også oppretta skylagringstenesta One Drive som gir oss i det lokale nettverket tilgang til og deling av dokument. Eg saknar ei tilsvarande teneste i Naturvernforbundet sentralt.
Det er stadig fleire som støttar og melder seg inn i Naturvernforbundet. Er det vekst i medlemstalet i Bjørnafjorden også?
Det er no over eit år sidan vi etablerte lokallaget her i Bjørnafjorden. Vi har fram til no fulgt tilrådingane frå Naturvernforbundet og arrangert aktivitetsdagar som Klesbyttedagen og plast- og søppelrydding ved Ulvenvatnet. Dessverre genererer slike arrangement ikkje fleire medlemer. I dag har vi registrert 147 medlemmer og 72 medlemer i Facebookgruppa vår. På årsmøtet vårt i april bestemte vi oss derfor å jobba mindre med å arrangera aktivitetsdagar og heller meir med politiske saker. På denne måten håpar vi å auka merksemda til sakene vi brenn for og betre kunna påverka beslutningsprosessane i Bjørnafjorden kommune.
Korleis vil de jobba med sakene politisk?
Først av alt vil vi starta med kartleggingsarbeid og artsregistrering i planleggingsområde som vi veit er truga. Ved hjelp av medlemer og andre frivillige kan vi slik skaffa oss eit kunnskapsgrunnlag som vi kan nytta i høyringsuttalar i samband med utbyggingsprosjekt i kommunen for eksempel. Derfor satsar vi på kurs i artsregistrering, men det er svært kunnskapskrevjande å setja seg inn i og vi er veldig tydelege på at vi manglar kunnskap på ei rekkje felt. Eit eksempel på ein metode for kartlegging av utbreiinga av fugleartar er appen Merlin. Kommunen let ofte utbyggar sjølv stå for kartlegginga, og det viser seg i mange tilfelle at det er mange feil og manglar og at kartlegginga er utført på feil årstid. Dermed gir konsekvensutgreiinga eit feil bilete av naturmangfaldet i berørt område.
Har du innspel til Naturvernforbundet som kan betra kunnskapsgrunnlaget for lokallaga?
Ja, det er faktisk ei utfordring at Naturvernforbundet ikkje kan tilby lokallaga ein felles database. For eksempel utsleppsdata. Vi treng også rettleiing, for eksempel i arbeidet med å ta prøver av elvar og vatn som vi mistenkjer er forureina.
Har Naturvernforbundet Bjørnafjorden motstandarar?
Eg vil ikkje kalla det motstandardar, men heller folks uvilje til å sjå realitetene i augene. Mange forstår ikkje kvifor vi engasjerer oss i saker som berører naturen vår. Eg vil derfor ikkje bebreida eit parti, ein utbyggjar eller kommunen. Men det manglar ein grunnleggjande respekt hos folk flest for den naturen som liksom gir oss liv. Eg opplever det som eit slags passivt tilvære som berre let alt skje.
Korleis skal vi då vekka folk?
Vi må kopla oss opp mot kvarandre og jobba meir saman. Med det meiner eg at alle som på ein eller annan måte er brukar av naturen: turgåaren, fiskaren, orienteringsløparen, bonden, soppsamlaren, bærplukkaren for eksempel og deira interesseorganisasjonar må i langt større grad gå i dialog og snakka saman.
Kva er du mest skuffa over?
Det som er trist er å leva i eit så uendeleg vakkert område og samtidig vera vitne til at forskjellige lobbygrupper, med alle moglege baktankar, byggjer naturen ned og ofte basert på feil kunnskapsgrunnlag. Det betyr for oss som vil bevara naturverdiane at vi må ha eit best mogleg kunnskap for å kunna argumentera imot.
Men ser du ei positiv utvikling også?
Eg trur at folk fleste blir meir og meir merksam på at vi må alle medverka til berekraftig forbruk og atferd. Ordet berekraft, som før gjerne vart sett på som eit «fyord», oppfattar eg i dag er meir allment akseptert. Vi har faktisk to gjenbruksbutikkar her på Os, og det vitnar om ei endring i folks medvit om ressursbruk. Den nasjonale obverforbruksdagen ligg allereie på 16. april. Snart fryktar eg at overforbruksdagen er 16. februar. Slik kan det ikkje halda fram. Vi må forstå at vi overforbrukar våre ressursar og vi må bli smartare. Eg ser ei positiv utvikling, men vi har eit langt stykke å gå.
Hvis du skal tilby gjestene dine den aller vakraste naturopplevinga i Bjørnafjorden, kvar tek du dei i så fall med?
Ut på Bjørnafjorden eller opp på Borgarfjellet.
Naturverneren
I denne spalten heier vi på ildsjelene i Naturvernforbundet, som på ulike måter bidrar de til å ta vare på naturen. De fortjener å bli sett, og deres erfaringer kan være til inspirasjon for mange.