Skogsbilvegsakene

Historia om skogsbilvegsakene i Bergen og omegn er lang og byråkratisk, men framfor alt full av grov miljøkriminalitet. 

Bygging av skogsbilvegar er ofte oppe til diskusjon, fordi dei kan vera øydeleggande inngrep i verdfull, gamal/naturskog og øydelegge myr. 

Men på Vestlandet har bygginga dei siste 10-15 åra nådd ein heilt ny dimensjon; Det er etablert eit eige, kriminelt økonomisk system der entreprenørar og skogsbilvegplanleggarar baserer seg på å nytta rivningsavfall og store mengder overskotsmasser som fylllingar under vegane. Dette har mellom anna vore mogleg fordi kommune og Statsforvaltar, som skulle halde kontroll med sakene, ikkje har følgt lovverket.

For ingen(bortsett frå skurkegjengen sjølv) har vel eigentleg tenkt at det er normalt at ein skogsbilveg ser sånn ut:

Synnøve Spangelo
Fanafjellet.

Eller trudd at det skal slike mengder med sprengstein til, for å lage veg i kulturlandskapet (legg merke til mannen øverst i bildet).

skogsbilveisaken, osterøy, rødlandshaugenSynnøve Spangelo
Rødlandshaugen, Osterøy.

Eller at ein middelaldersk kirkeveg skulle kuttast på fleire plassar av eit buktande deponi gjennom kystfuruskogen:

Hans Sindre L. Rein og Øyvind Aandalen
Fanafjellet, stillbilde frå dronefilm.

Eller at me skulle få blomstrande parkar med parkslirekne og hagegyvel midt oppe på fjellet:

Synnøve Spangelo
Fanafjellet.

To veganlegg som no er under etterforsking, er på til saman ca. tre mils lengd. Og rådhuset i Bergen er ganske kjend; det rager som eit firkanta ekstra åttande fjell, i brutalisme-stil, opp frå midt i Bergen sentrum. Me rekna på kor mange rådhus ein måtte ha fylt med massar, for å ha samme mengda som er brukt på dei tre mila med skogsbilveg: 

Korleis kunne dette skje?

Nokre viktige faktorar som bidreg til at Bergen kommune har mista kontrollen på utbygginga:

  • Ved kvart politiske skifte i kommunen, endrast óg samansetningen av dei ulike funksjonane i kommuneadministrasjonen. Etatane klarer ikkje å samarbeida over lengre tid, eller halde tråden i oppfølginga av ulovlege vegar.
  • Økonomisk motivasjon: Blant nokre aktørar har det danna seg tette band til den delen av kommunen som godkjenner vegane og delar ut tilskot. Ein skogsbilveg får statleg tilskot(våre skattepengar!) på 60% av totalsummen på bygging av vegen. Og det kostar å levere spesialavfall til eigna mottak – men det er gratis å dumpe det i myra. Slik er det etablert eit (kriminelt) økonomisk system. 
  • Politisk uvilje til å rydde opp – aktiviteten har vart over så mange år, har fått så store konsekvensar og er så omfattande at det vil krevje ei stor tverrpolitisk, langsiktig forplikting. 

I mange, mange år har forholda for denne galskapen vore ekstra gode, fordi søknader om å få bygga skogsbilveg ligg under eit mildare lovverk enn for bygging av andre ting. Skal du legga ut ei flytebrygge eller laga veg til huset ditt, så er det plan- og bygningsloven og strenge søkeavgrensingar som gjeld. Skal du bygga skogsbilveg, så vert søknaden din vurdert etter landbrukslovgivinga, med langt mildare reglar. 

Men så viser det seg at vegar som er bygd heilt utan søknad, også har vore vurdert etter landbrukslovgivinga:

Dette samanhengande våtmarksområdet vart av Bergen kommune vurdert som eit regionalt viktig naturområde. I starten av 2018 ga Etat for landbruk avslag på søknaden om å bygga veg her. Både på grunn av myra, at det ikkje var tømmerskog her, og at det var fare for øydelegging av kulturminne. Vegen vart bygd likevel, myra vart drenert, og den middelalderske kirkevegen vart øydelagd. I mai 2022 lovleggjorde Etat for landbruk skogsbilveg-fyllinga. Godkjenninga var mellom anna underskrive av leiar, som óg hadde skrive under på avslaget i 2018.

Synnøve Spangelo
Fanafjellet, drenert våtmark og ulovleg bygd veg.

Nokre i landbruksetaten har trudd i mange år(eller handla mot betre kunnskap), at dei kunne lovleggjera ulovleg bygde vegar, pga. landbrukslovgjevinga. Eller, som fylkessekretær i Naturvernforbundet Hordaland, Pål Fidjestøl, sa til avisa for litt sidan:

Illustrasjon: Synnøve Spangelo

Men, det stemmer ikkje at ulovleg bygde vegar kan gjerast lovlege så lett. Det fekk me bekrefta etter at me hadde klaga på ein vegstump ein annan plass. Klaga vår fekk avslag i alle ledd, til den til slutt havna hos Landbruks- og matdepartementet, og me trua med søksmål; denne gongen var det Statsforvaltaren som hadde legalisert vegen. Departementet ga oss medhold, og det brevet kan du lesa her

Denne avgjersla slo fast korleis ulovleg bygde landbruksvegar skal handsamast; altså etter plan- og bygningsloven. Det får konsekvensar for alle kommunar og statsforvaltarar i landet, og har tilbakeverkande kraft; Vegar som allereie er godkjend på feil grunnlag, må handsamast på nytt. Så her er det berre å sette i gang med nasjonal opprydding på kommune- og fylkeshusa!

Eit anna viktig brev kom frå Kommunal- og distriktsdepartementet, og er etterspill etter klagesaker som Naturvernforbundet Oslo og Akershus har retta mot ei rekkje større skogsbilvegar. Her vert det slått fast at alle skogsbilvegsøknader skal, sjølv om dei skal handsamast etter landbrukslovgivinga, også gå gjennom ei vurdering, på om dei skal handsamast etter plan- og bygningslova. Det vil seie at kommunar og statsforvaltarar skal vurdere om ein veg verkar så stor og øydeleggande at søknaden må ligga under eit strengare regelverk. (Og det brevet kan du lesa her).

Nok ein nasjonal dugnad på trappene der altså, for det er mykje som tyder på at dei store inngripande skogbrukstiltaka sjeldan eller aldri har vore til riktig vurdering. Og det er, inntil du les dette, ei altfor godt gøymd nyheit! 

Kjenner du til liknande saker! Ta kontakt med ditt næraste naturvernlag!


Tekst og illustrasjonar: Synnøve Spangelo, frivilleg i Naturmangfaldsgruppa i Naturvernforbundet Hordaland