Skuffa over transportplan

Lars R. Hole i Naturvernforbundet i Hordaland si klima- og transportgruppe er ikkje imponert over regjeringa sine samferdselsplanar.

Då statsminister Erna Solberg, flankert av Terje Breivik (V), Helge André Njåstad (Frp) og Knut Arild Hareide (KrF) vitja Arna stasjon sist i februar gav dei inntrykk av at Hordaland har kome godt ut av det i Nasjonal transportplan. Regjeringa lova ny E16 og ny jernbane mellom Arna og Stanghelle, dei lova ringveg rundt Bergen, dei lova nytt Sotra-samband og dei lova også Hordfast. 

I etterkant har regjeringa og støtteparti fått kritikk for at oppgraderinga av jernbane og veg mot Voss i røynda er dytta lenger fram i tid. At dobbeltspor mellom Arna og Stanghelle ligg inn er likevel det Lars R. Hole i Naturvernforbundet i Hordaland si klima- og transportgruppe er mest nøgd med, sjølv om han meiner satsinga kjem for langt fram i tid. 

– Regjeringa seier at dei kjem med ei historisk satsing på jernbane, og syner til blant anna oslotunell og ringeriksbane. Kva tenkjer de?

– Det er slett ikkje verst, men pengane er ikkje løyvde og mykje av jernbanesatsinga er i fase to av
transportplanen, og difor stadig eit godt stykke ut i det blå. Me ynskjer ei umiddelbar satsing for å få reisetida på Bergensbanen ned mot fire timar. 

Tilsvarande kritikk har kome frå både Forum Nye Bergensbanen og frå Rådet for Ringeriksregionen. Sistnemnde omtaler i ei pressemelding det at ringeriksbana vert skyve vidare fram i tid som både uakseptabelt og som svært skuffande, etter at samferdselsstatsråd Ketil Solvik-Olsen i april i fjor sa at spaden ville gå i jorda i 2019 og at banen ville stå ferdig i 2024.

«Kosta kva det kosta vil»
Naturvernforbundet i Hordaland er også misnøgde med at regjeringa og samarbeidspartia går vidare med Hordfast-arbeidet.

– Kosta kva det kosta vil, seier Hole.

– Prisen er no kome opp i 43 milliardar, og av erfaring vil det nok verta endå mykje dyrare. Ein kunne ha bygd mykje jernbane og mange sykkelvegar for desse pengane.

Hole seier at Naturvernforbundet kjem til å halda fram med å kjempa mot ferjelaus E39, og særleg mot Hordfast. 

– Regjeringa freistar å framstilla dette som eit klimaprosjekt, noko som sjølvsagt er tøv. Tenk berre på all betongen som vil gå med. I tillegg kjem naturøydingar, med bru over Bjørnefjorden som det verste dømet. Nye motorvegar vil fremja auka trafikk og motivera til langpendling. Me ynskjer
ei moderat oppdatering og sikring av E39, og satsing på elektriske ferjer med hyppige avgangar, seier Hole.


Teksten er også publisert i medlemsmagasinet NaturVest #1 2017.