Takk til Trygve Refsdal (1937-2024)
Trygve Refsdal gjekk bort 29. oktober. Den siste tida lei han av demens, men Trygve sitt engasjement for vossanaturen vil bli hugsa. Voss Naturvernlag takkar han for innsatsen.
Kampen og arbeidet frå slike som Trygve er akkurat det naturvernet treng. Han hadde solid fagleg kompetanse på natur og skogbruk, og denne kunnskapen gav tyngde til gode argument. Hjå Trygve var det samanheng mellom liv og lære. Han levde i tråd med meiningane sine, han var ein kar av «heil ved». Trygve var ein likandes kar med eit positivt og alltid smilande vesen – sjølv i dei hardaste stridane han kjempa.
Vernet av Raundalselva og Prestegardsmoen er lokale kampsaker som vart sikra med Trygve sin innsats. Han utfordra ofte etablerte oppfatningar og bidrog med gode faglege vurderingar i offentleg debatt. Gjennom innlegg og deltaking i ulike fora fremja han ideen om at naturen ikkje berre er ein ressurs, men òg noko me må ta ansvar for i dag og for framtida.
Som lærar ved Voss Jordbruksskule inspirerte han mange til å forstå samanhengen mellom naturforvalting, ressursbruk og samfunn. Arbeidet hans i Skjervheimseminaret, der han drøfta natur- og samfunnsspørsmål i breiare samanheng, viste evna hans til å tenkja kritisk og utfordra det rådande.
Voss Naturvernlag er takksame for pengegåvene som kom inn i samband med gravferda. Desse midlane vil bli nytta til saker som var viktige for Trygve.
Me sender våre varme tankar til familien og alle som stod han nær. Naturen på Voss har tapt ein god støttespelar.