Ullensvang kommune meldt til Hardanger politikammer

«Etter to bekymringsmeldingar til kommunen utan svar.. måtte me ta grep » seier Klaus Rasmussen i Naturvernforbundet Hardanger.

Følgjande brev er sendt 30.11.23 og 8.1.24 til Ullensvang kommune:

Anleggsarbeid på Mælen

Naturvernforbundet Hardanger har registrert anleggsaktivitet på Mælen av eit omfang som ikkje stemmer med den vedtatte reguleringplanen.  

Området «Heiane» lengst ute på Mælen skulle vere eit hyttefelt med få inngrep og ein skånsam plassering av hyttene og vegene.  Naturvernforbundet har i fleire år observert anleggsarbeid på mange plassar med rotvelt og uferdige fyllingar. 

Dei siste dagane  har me observert ny aktivitet med anleggsmaskinar, skoghogst og det er oppført ein ganske stor mur som me meiner er i konflikt med reguleringsplanen. Vidare er det hogd eiketreer som ein fint kunne ha spart.

Me vil oppfordre kommunen til snarast å inspisere området og vurdere om det er brot på den vedtatte reguleringsplanen og vurdere om dette faller inn under miljøkriminalitet.

Vidare ber me Ullensvang kommune om tilbakemelding til Naturvernforbundet Hardanger om dei vil vurdere saka.