Utbygging er framleis svaret

Trass i all kunnskap vi har om dei negative konsekvensane, ynskjer framleis styringspartia vidare utbygging av kraft i sårbar natur.

Foto: Bergen Næringsråd
Foto: Bergen Næringsråd

Mot slutten av konferansen Fjordtinget i Hardanger fekk salen stille spørsmål til Liv Kari Eskeland frå Høgre og Ulvar Akselsen frå Arbeiderpartiet. På spørsmål frå Naturvernforbundet, ved underteikna, om kva partia vil gjere for å verne meir natur i Noreg, svarte Eskeland at Høgre ville bygge ut meir kraft for å redusere klimaendringane. Viss ikkje vil den naturen vi har i dag ikkje vera den same om nokre tiår, grunna temperaturendringar.

Denne retorikken kjenner vi godt att frå vindkraftstormen med Nasjonal ramme for landbasert vindkraft, og det er overraskande, skuffande og ikkje så lite skremmande at Høgre ikkje har teke til seg kunnskapen og skaffa seg ei meir balansert tilnærming til spørsmålet om natur og kraft.

Naturvern eller kraftutbygging? Ja, det var det store dilemmaet som Bergen Næringsråd løfta på årets Fjordtinget i Hardanger 3. juni, der Naturvernforbundet var invitert til debatt. Vi kunne ikkje sagt det meir tydeleg; vi har ikkje meir natur å tape. Næringslivet må erkjenne at fornybar kraft i dagens energikjelder er ein knapp ressurs som vi må prioritere betre enn i dag. Ny fornybar energi må først og fremt blir gjort tilgjengeleg ved at vi effektiviserer og sparer den energien vi allereie har.

Foto: Bergen Næringsråd
IKKJE MEIR NATUR Å TAPE. Bergen Næringsråd løfta fram dilemmaet «naturvern eller kraftutbygging?» på årets Fjordtinget-konferanse.

Meir av alt raskare?

Håvard Haarstad, professor i samfunnsgeografi og senterleder for Senter for klima og energiomstilling (CET) ved Universitetet i Bergen, innleia med å stille det store spørsmålet, kva er berekraft? Han sette meir fornybar energi opp mot det å bevare natur. I analysen av kor vi står i dag viste han til at «meir av alt raskare»-tilnærminga på utbygging ikkje har ført fram, i hovudsak fordi dette medfører nedbygging av natur, og utvinning av minerala til fornybar har sosiale og miljømessige konsekvensar.

Ifølgje Haarstad står vi overfor målkonfliktar vi ikkje klarer å løyse. Han peika på pulverisering av ansvarsfordeling i politikk og forvaltning som ei av årsakene, men også at vi jobbar i siloar, der alle har kvar sine målsettingar, men ingen ser det heilskaplege biletet, ser måla opp mot kvarandre. Det heile resulterer i manglande overblikk og prioritering.

Så kva er løysinga? Skal vi tru Haarstad, er det å lukkast med såkalla ‘grøn vekst’ framleis langt unna, for veksten er ikkje fråkopla fossil energi – slik at ein kan kalle det grønt. Sirkulær økonomi er framleis i støypeskeia, og det er vanskeleg å få fart i effektivisering av energi og ressursbruk, eit område Haarstad meiner det er mykje å hente. Han meiner Energikommisjonen burde jobba mykje meir med energieffektivisering og -sparing.

Lågenergisamfunn med mindre forbruk

Næringsrådets utgangspunkt og premiss er at behovet for meir kraft i Noreg er enormt. Mange av ønska om meir kraft har segla under ‘det-grøne-skiftet’- og ‘berekraft’-flagga. Men hydrogenproduksjon, batterifabrikkar og data- og kryptosenter, gjerne med statlege subsidiar, har ikkje noko med klimatiltak å gjere. Kraftmarknadsanalysane til NVE er meir nøkterne, og den siste analysen til NVE viser at det framleis vil vere eit betydeleg kraftoverskot i 2030.

Så kan ein finne ein balanse mellom vern av natur og kraftbehov i grøn omstilling, slik næringsrådet formulerer spørsmålet til debattpanelet? I debatten deltok Lars-Henrik Paarup Michelsen frå Norsk klimastiftelse, Einar Vaage i Industriutvikling Vest og Sonja Chirico Indrebø i Eviny Fornybar, og underteikna frå Naturvernforbundet, nestleiar Helene Ødven.

Naturvernforbundet har mange forslag til løysingar som sparer oss for nye naturinngrep, og som bidreg til tilgang på fornybar kraft. Først og fremst må vi forbruke mindre. Klimautvalet 2025 og International Energy Agency (IEA) er tydelege på at vi er nøydde til å bli eit lågenergisamfunn for å kunne nå målsettinga om eit lågutleppssamfunn, ikkje berre bygge ut meir kraft. Tilgangen på ei rad ressursar som energi, areal, biomasse og kompetanse er avgrensa.

Unngå – Flytt – Forbetre

Vidare utbygging av arealkrevende energikjelder, som landbasert vindkraft, har store konsekvensar for natur og klima. Tiltakshierarkiet til Klimautvalet 2025 er ein strukturert måte å vurdere og prioritere tiltak for å redusere negative verknader på miljøet. UFF er ei forkorting av «Unngå – Flytt – Forbetre». Vi må flytte oppvarming frå elektrisitet over til bergvarme, solkraft, meir varmepumper, og sjølvsagt må vi oppgradere vasskraftverka våre. Nye prosjekt må leggjast til grå areal.

I dag er det billigare å bygge ned natur, enn å kjøpe og transformere grå areal til ny industri. Her må det gode insentiv og støtteordningar til for å sikre at allereie utbygde areal blir valt i framtida, både med tanke på miljø og økonomi.

For naturen må få vere i fred, slik som nærskogen, villmarka og fjella. Medskapningane våre treng sine leveområde. Vi kan ikkje redde klima eller halde fram med vekst samstundes som vi øydelegg naturen.

Naturen vår er ein viktig del av klimaløysinga. Den har ei tolegrense som vi menneske stadig utfordrar. Naturen lagrar og regulerer naturleg karbon, sikrar oss robuste økosystem og artsmangfald. Naturen klarer seg fint utan oss menneske, men vi klarer oss ikkje utan den.

Så ja, vi må tåle å ta dei tøffe prioriteringane, vi må slutte å bygge ned natur, bit-for-bit. Ut av siloane, folkens, dette må vi drøfte saman for å skaffe oss eit heilskapleg bilete, og løysingar som er berekraftige!