Valg 2023 – Voss naturvernlag ropar varsku om vossanaturen

Styret i Voss Naturvernlag har i høve lokalvalet 2023 vurdert om dei ulike partia tek ny forskning om naturkrisa på alvor, og partia sine ønskje om å verna om vossanaturen dei komande åra.

Øystein Bjørke
Øystein Bjørke

Me har forplikta oss gjennom naturavtalen internasjonalt og gjennom Vossaklima lokalt om å verna om naturen på Voss, og lokalpolitikarar er avgjerdstakarar på vegne av komande generasjonar. 

Styret har difor gått gjennom partia sine valprogram (vekta 50 %) og stilt kandidatane spørsmål om naturvern innan følgjande kategoriar (vekta 50 %)*;

  • sirkulært samfunn og forbruk
  • hyttebygging og planvask
  • arealnøytralitet
  • kraftutbygging
  • Bømoen
  • flaumsikring

Naturvernlaget ba om korte svar, og i vår vurdering har me lagt vekt på om partia er konkrete og har gjeve svar på kjernen i spørsmåla, og kva intensjonen bak svara er.  I partiprogramma har me sett etter forpliktande punkt om naturvern som viser kva veg partiet vil gå når saker skal avgjerast i heradsstyret. Dette er viktig for veljarane. Store ord utan konkret innhald er lite vektlagt i vår vurdering, fordi erfaring viser at politikarar ikkje nødvendigvis stemmer for naturen i t.d utbyggingssaker og arealplanlegging.

Berre to parti ser ut til å ta naturkrisa på fullt alvor med full score, og me er spesielt skuffa over dei to største partia, Senterpartiet og Høgre som kom dårleg ut i rangeringa.

Her er heile rangeringa

Med poengscore i prosent:

1 MDG og SV (100)

3 Raudt (83)

4 Venstre (55)

5 AP (52)

6 SP (11)

7 H (7)

8 KrF (0)

9 Frp (0)

10 INP (0)

I 2022 kom naturavtalen etter rapporten frå FNs naturpanel om naturkrisa. Forskinga og naturavtalen seier høgt og tydeleg at me må stoppa nedbygging av natur og starta restaurering.

Me håpar vossingane tek med seg omsynet til dei komande generasjonane inn i vallokalet i år.  

Slik stemmer du

Ta med deg gyldig legitimasjon og møt opp i næraste valglokale, sjekk åpningstider her: https://www.valg.no/valglokaler/valglokaler2/

Godt val!

*Frp, INP og Krf har ikkje svart på spørsmåla, og desse valprogramma er difor vekta 100 % i rangeringa.