Vindkraft i Stølsheimen

Tydeleg oppmoding om å trekke vindkraftplanar i Modalen.

Illustrasjon: Bergen og Hordaland Turlag / MAD arkitekter.
Illustrasjon: Bergen og Hordaland Turlag / MAD arkitekter.

Onsdag 13. november bad Naturvernforbundet Hordaland Norsk Vind AS om å trekkja prosjektet «Modalen Vindkraftverk» saman med ti andre natur- og friluftsorganisasjonar. Sjølv om det var brei semje mot vindkraft i Stølsheimen både blant folkevalde og i opinion tilbake i 2019, går likevel Norsk Vind AS vidare med eit prosjekt i Modalen.

Kommunestyra i Alver kommune og Masfjorden kommune har gitt tydeleg beskjed om at det ikkje er aktuelt med vindkraft i deira fjellområde. Modalen kommune valde å be innbyggjarane om ei rådgjevande folkerøysting først, og no gjennomfører Norsk Vind AS på eige initiativ informasjonsmøter og har sendt ut reklame til innbyggjarane med posten.

Store skadeverknader

Naturvernforeiningane i regionen viser til Norsk Vind AS sitt planinitiativ for prosjektet «Modalen vindkraftverk». Grunngjevinga for oppmodinga er dei svært omfattande skadeverknadene utbygginga vil ha for natur- og friluftslivsverdiane. På bakgrunn av informasjon frå Norsk Vind AS, og på bakgrunn av utgreiingane utført av fagkonsulentar, er prosjektet eit av dei mest øydeleggande vindkraftverka vi kjenner til:

  • Kraftverket vil bestå av nær 100 vindturbinar som vil vera opptil 230 meter høge. Det er planlagt turbinar heilt opp til 1200 meter over havet.
    Heile 55 km2, som i dag framstår som urørt og fri høgfjellsnatur, vil bli omgjort til eit industriområde.
  • Tre mål store oppstillingsplassar kring kvar turbin, og nær 100 kilometer med anleggsvegar, vil medføra irreversibel øydelegging av om lag 1,5 km2 fjellnatur – truleg endå meir. Det vert store sprengingar i fjell for å få dette til.
  • Kraftverket vil øydelegga eit av dei største og viktigaste friluftslivsområda i regionen vår: Det som i dag er eit fredeleg turområde, sommar og vinter, vil bli sterkt påverka av nedbygging, støy og fare for iskast. Midt i det planlagte industriområdet ligg DNT-hytta Skavlabu, som er del av eit større hytte- og rutenett med milevis av T-merka stiar i området.
    Kraftverket vil forringa og fragmentera eit særs snørikt høgfjellsområde, med ein særeigen flora som finst svært få andre stadar i Noreg, og elles i verda.
  • Høgfjellsfuglar som fjellrype, snøspurv, fjæreplytt og sandlo hekkar i det aktuelle området. Desse artane er allereie under press frå klimaendringane.
    Kraftverket vil fragmentera landskap og grøne korridorar mellom Stølsheimen landskapsvernområde og den nye nasjonalparken som er under utgreiing i Masfjordfjella.
  • Fjernverknadane av kraftverket – både når det gjeld synlegheit av turbinar og lysblinka deira – vil vera svært omfattande. Vestlandsfjella, som er verdskjente for sin topografi frå fjell til fjord og storslagne landskap, står i fare for å bli redusert til eit industrilandskap
Foto: Jørgen B. Mowinckel / Nordhordland Turlag
Stølsheimen – angår oss alle. Frå informasjonsmøtet 13. november.

Omstilling utan naturtap

Organisasjonane vil også understreka at Noreg kan omstilla seg til eit utsleppsfritt samfunn utan meir vindkraft i natur- og friluftslivsområde. Noreg har store moglegheiter for energisparing og energieffektivisering, i tillegg til moglegheiter for å produsere ny energi med langt mindre naturtap.

Å realisera Modalen vindkraftverk vil vera i strid med internasjonale avtalar som Noreg har ratifisert, når det gjeld å redusera naturtap og elles ivareta naturmangfaldet. Her viser me til at det så langt er registrert fleire titals raudlista artar i det aktuelle området, der mange av artane også er raudlista internasjonalt. Å gå vidare med sakshandsaming av prosjektet vil skapa unødig store konfliktar, og i sum også vera dårleg samfunnsøkonomi.
La folket få nyte roa og freda i den fantastiske fjellnaturen me har, utan uro for at den snart kan bli øydelagd for alltid. Natur- og friluftsområda våre høyrer også til dei som kjem etter oss, og vi har ingen rett til å byggja dei ned til industriområde.