Naturvernforbundet vil ikkje ha Haugshornet vindpark
Naturvernforbundet konkluderer med at inngrepet som Haugshornet vindpark representerer vil ha for alvorlege konsekvensar til at det kan gjennomførast. Naturvernforbundet meiner dessutan at det er nødvendig å få utarbeidd fylkesvis vurdering av kva areal som skal vere fri for denne typen inngrep, og antar at området mellom Stad og Runde sannsynlegvis vil kome ut som vindmøllefri strekning.