Krass kritikk av Møre og Romsdals nye fylkesplan
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal kommer med krass kritikk av fylkets nye fylkesplan. - Møre og Romsdal legg fram eit utfordringsdokument som ikkje handterer utfordringar. Å legge fram ein fylkesplan som ikkje seier noko om miljø, og som ikkje har berekraftig utvikling som mål er ikkje berre i utakt med nasjonal retorikk, det er rein gamalmannstenking. Det er synd at ungdom flyttar frå fylket, men det er like uheldig at nye tankar ikkje får plass, seier leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.