Bli med på vandring langs Langedalselva på Hellesylt!
Naturvernforbundet i Ørsta og Volda arbeider mellom anna for å ta vare på viktige naturverdiar i området vårt. Nye rapportar fortel at menneskelege inngrep er ei av dei viktigaste årsakene til mellom anna insektdød og tap av anna artsmangfald. Vassdragsvern er eitt viktig tema, der målet er å verne dei mest verdfulle elvane og vassdraga mot inngrep. Ei av elvestrekningane som styresmaktene no har sagt skal få renne fritt, ligg i Langedalsvassdraget på Hellesylt, ved inngangen til verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap.
Naturvernforbundet i Ørsta og Volda03.06.2019