Useriøs skremselspropaganda frå gasskraftkameratar
I forrige veke gjekk fylkesordførar Olav Bratland, fylkessekretær Else-May Botten og dagleg leiar i Istad Nett Svein Rødal igjen ut og varsla mørke og kalde heimar i Møre og Romsdal om ikkje "nokon" raskt byggjer sterkt forureinande gasskraftverk. Det er ikkje første gangen desse gasskraftkameratane "ropar ulv". Det nye er at krisa no er utsett til 2015, medan ho tidlegare skulle kome i 2008.
Klima01.07.2008