Artsklubben i Sunnfjord

Klubb for både nybegynnarar og proffe, der vi lærer nye artar og sørgjer for at funna blir registrerte.
Artsklubben i Sunnfjord er ein møteplass for alle som er nysgjerrige på livet i skogen og artane som lev der, enten du er nybegynnar, erfaren eller berre vil lære meir. Her lærer vi om artar i lag, deler erfaringar og utforskar skogen og livet i den gjennom turar og enkle samlingar. Du treng ikkje forkunnskapar for å vere med; nysgjerrigheit er meir enn nok. Nokre gongar har vi med oss ein ekspert, andre gongar deler vi erfaring med kvarandre.
I artsklubben handlar det om gleda ved å oppdage, stoppe opp og sjå nærare på det som lev rundt oss. Når vi lærer å kjenne igjen både vanlege og meir sjeldne artar som blir registrerte, bidreg vi samstundes til verdifull folkeforsking og kunnskap om naturen vår. Å registrere artar saman gir både meistring, ro og eit sterkare forhold til nærnaturen.
Bli med på møter og skogvandring:
Kontaktpunkter Artsklubben i Sunnfjord
Artsklubben er eit samarbeid med Naturvernforbundet i Sunnfjord, og aktivitetane strekk seg hovudsakleg utover kommunegrensene i ytre Sogn og Fjordane. Det er ei satsing frå prosjektet Skogglede og hovudfokuset vårt for artar blir dei vi finn i skogen.
Ta kontakt om smått og stort! Alle spørsmål er velkomne:
Prosjektansvarleg i Sogn og Fjordane:
Allette Alværvik
tlf: 94874648
epost: allette.alvarvik@naturvernforbundet.no
Sunnfjord lokallag:
Pablo Pierre Dourojeanni Alvarez
tlf: 41634470
epost: dourojeannipablo@gmail.com
Sponsorar
Artsklubben kjem av prosjektsatsinga Skogglede av Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, og er mogleg takka vere sponsorane våre Skogen- mer enn bare trær og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane


Lær deg artskartlegging heime
Olina Søyland BruVil du lære deg å registrere artar på eiga hand? Ingen problem. Det er mykje informasjon på nettet å følge. Her har vi samla litt som kan hjelpe deg på vegen:
