Naturvernforbundet vil ta vare på fossane og vassdraga våre
Sogn og Fjordane er eit fylke med mange vakre fossar og vasdrag. No ser vi likevel at dei er truga av ei stor kraftutbygging, då særleg bygging av mange såkalla småkraftverk. Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane er sjølvsagt ikkje motstandar av bygging av alle slike kraftverk. Småkraftverka produserer fornybar energi som vi har bruk for, dei kan gje inntekter til lokalsamfunnet og dei treng ikkje gjere stor skade på landskap, biologisk mangfald, friluftslivet osv.