23.mar 2026

Årsmøte til Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane

Hva: Årsmøte
Når: 23.mar, kl. 00:00
Hvor: Nordfjord Folkemuseum, Gota 16, 6823 Sandane

Alle medlem er velkomne til årsmøtet for Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane

Terje Valen Hoihjelle

Alle medlem er velkomne!

Vi kallar med dette inn til årsmøte i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane (NV SFJ). Årsmøtet er det høgaste organet i NV SFJ. Alle medlem er velkomne til møtet, men du må ha vore betalande medlem i minst seks månader for å ha stemmerett.

Program

Kjem

Påmelding til årsmøtet

Vi kjem til å servere eit måltid til alle deltakarar. For at vi skal kunne planleggje dette best mogleg, ber vi difor dei som er sikre på at dei kjem til møtet og vil ha mat, om å melde seg på. Påmelding skjer ved å sende e-post til sognogfjordane@naturvernforbundet.no

I e-posten ber vi deg opplyse om:

  • fornamn og etternamn
  • eventuelle matallergier (vi serverer vegetarisk mat)
  • om du er utsending frå eit lokallag – og i så fall kva lokallag

Sakliste for årsmøtet:

På årsmøtet skal vi handsame følgjande saker:

  1. Val av ordstyrar, referent og to protokollunderskrivarar
  2. Godkjenning av innkalling og dagsorden
  3. Årsmelding for 2025
  4. Årsrekneskap 2025
  5. Budsjett for 2026
  6. Aktivitetsplan 2026
  7. Innmeldte saker frå medlem og lokallag
  8. Val (av styre, valgkomite og revisor)

Melde inn saker til årsmøtet

Frist for å melde inn saker til behandling på årsmøtet er 9.mars 2026. Forslag sendast på epost til sognogfjordane@naturvernforbundet.no

  • Forslag til kandidater: 10. februar
  • Forslag til fråsegn og andre saker som medlemmene ønskjer at årsmøtet skal handsame: 9. mars

Saksdokument til årsmøtet

Sakspapir til årsmøtet vert publiserte her minst to veker før møtet. Dei vert vedtekne i styret i midten av mars.

Kva skjer på årsmøtet?

Årsmøtet har to hovudoppgåver: å godkjenne verksemda frå det førre driftsåret, og å avgjere kva organisasjonen skal arbeide med i det komande året – og kven som skal ha ansvaret.

For at årsmøtet skal kunne gjennomførast effektivt innanfor den planlagde tidsramma, har møtet ein fast struktur. Mellom anna går vi først gjennom rapporteringa frå det førre året, før vi ser framover. Det gjeld òg eigne reglar for ordskifte, som ordstyrar vil gå gjennom ved starten av møtet.

Når det gjeld det førre året, fungerer årsmøtet i hovudsak som eit kontrollorgan. Årsmøtet skal sjå til at arbeidet er utført i tråd med vedtekter, lover og reglar, og i samsvar med tidlegare årsmøtevedtak. For det komande året ønskjer vi derimot aktive innspel frå medlemmene. Dette skjer vanlegvis gjennom endringsforslag til styret sitt framlegg til arbeidsplan, men alle saker styret legg fram kan sjølvsagt endrast. Dersom årsmøtet ønskjer å vedta noko som ikkje står på dagsordenen, kan fråsegner vere ein måte å samle årsmøtet om eit vedtak.

Informasjonsdelen av årsmøtet er elles ei god moglegheit til å lære meir, både om temaet styret løftar fram, og om drifta av organisasjonen generelt. Har du spørsmål om korleis du kan engasjere deg, eller om andre forhold som ikkje høyrer direkte til årsmøtedelen, er det høve til å ta dette opp i informasjonsdelen.

Spørsmål om arrangementet kan elles rettast til administrasjonen i NV SFJ på telefon 94 87 46 48 eller e-post sognogfjordane@naturvernforbundet.no