10 ting du kan gjera for miljøet heime

Me tilrår aktivitetar, filmar og lesestoff – og mykje meir.

 1) Reparer noko!

Har du klede med hol, ein øydelagt glidelås, knust mobilskjerm eller riper i trebordet? Få tips til korleis du kan reparera tinga dine på tavarepådetduhar.no. For kvar ting me reparerer i staden for å kjøpa nytt, sparer me miljøet for klimagassutslepp og ressursbruk!

2) Reduser plastbruk i heimen

Vert det brukt mykje plast heime hjå deg? Kan du erstatta plastfolie, plastposar og kjøkkenreiskap med meir varige alternativ? Her er nokre konkrete tips til korleis du kan bruka mindre plast.

3) Plant humlevenlege blomar

Humlene treng hjelp, og du kan vera med å hjelpa dei. Har du hage, balkong eller kjøkkenhage, kan du planta blomar og plantar som humlene likar. Her finn du ei liste over humlevenlege plantar. Det er ikkje for tidleg å begynna å jobba i hagen!

Du har sikkert fått med deg kor mykje skade brunsneglen kan gjera, men visste du at det også finst “brunsneglar” i planteverda? I Noreg er 242 artar definert som framande artar med høg eller svært høg skaderisiko. Det betyr at dei dominerer og fortrenger det opphavlege artsmangfaldet, og dei spreier seg ofte svært fort. Mange har slike artar i hagen utan å vera klare over det, fordi desse plantane ofte er vakre og toler mykje.

4) Lag insekthotell og/eller fuglekasse med barn eller barnebarn

Hjelp insekt og fuglar under press med å laga nye heimar eller “hotell” til dei. For insekt er den aller beste heimen daud ved eller gamle tre – så om du har gamle tre på eigedomen din, velta tre eller stokkar – lat dei vera!

6) Gå på naturskattejakt!

Skriv ut eller last ned naturskattekartet vårt og ta det med på tur. Klarar barna å finna alle? Kanskje dei kan få ein premie av dei vaksne?

7) Sjå etter fuglar, lag heimelaga meisebollar

Det finst mange gode nettsider og appar der du kan læra deg å kjenna igjen fuglane, til dømes: 

Har du lyst å laga meisebollar til svolte vårfuglar? Her finn du oppskrifter og framgangsmåtar.

8) Skal du pussa opp? Tenk på energitiltak!

Det aller største kraftverket i Noreg er energisparing og effektivisering! Den aller mest miljøvenlege energien er den me ikkje bruker. Me eit kjempestort potensiale i å redusera straumforbruket i heimane våre, og det beste er å gjennomføra energitiltak når du likevel skal pussa opp.


9) Sjå natur- og miljødokumentarar og seriar

Det er eit stort utval av filmar og seriar om natur og miljø. Her fylgjer ein liten oversikt, med linkar til kor videoen kan straumast. Mange av filmane har blitt vist på filmfestivalen BIFF, som kvart år har eit godt utval av gode miljøfilmar. 

Oppsunsmannen NRK TV
Kvifor har vi øydelagt så mykje av naturen vi elskar? Bli med Bård Tufte Johansen på ei dystopisk reise i verdas vakraste land.

Monsen & nasjonalparkene NRK TV
Lars Monsen jaktar på spektakulære naturopplevingar og nyttig kunnskap om den unike naturen vi har valt å verne.

SAU NRK TV
Ei dotter skal overta eit lite småbruk i Nordland. Ein varm og nær dokumentar om familie, tradisjonar og det å finne sin eigen veg. Og om sau.

Fedrelandet NRK TV
Margreth Olin følgde faren sin på tur gjennom eitt år. Det vart til ei varm og majestetisk kjærleikserklæring til natur, barndomsheim og foreldre.

Slipp naturen fri NRK TV
Eit døande landskap vaknar sakte til liv når eigarane vågar å setje si lit til naturen.

Avkledd NRK TV
Jenny Skavlan elsker klede. Med rare påfunn og spenstige eksperimentar avkler ho kvifor vi kler oss som vi gjer.

Hvorfor gjør vi så lite når vi vet så mye? NRK TV
Klimapsykolog Per Espen Stoknes ved BI viser hva mekanismar det er i oss som gjer oss til klimasinkar, sjølv om me veit betre.

Den fantastiske villaksen NRK TV
I løpet av de siste tretti åra har mengda villaks i Noreg blitt halvert. Kenneth Bruvik prøver å finna ut kva som har skjedd.

Klimaarven NRK TV
Olja har gjort Noreg til eit av verdas beste land å bu i, men også til klimaversting. No gjer verdas unge opprør mot den klimaarva som ventar dei

Min natur NRK TV
Åtte naturentusiastar formidlar naturopplevingar i sin natur, men også om kva som trugar denne naturen. 

Planet Plast NRK TV
Line vil redda kvalane, fiskane og fuglane som døyr av plasten i havet. Kva må me gjera no, før det er for seint?

Line fikser maten NRK TV
Kan du redda verda ved å eta annleis? Line Elvsåshagen undersøker korleis me best kan ta vare på planeten me bur på og dyra me deler den med.

Live redder verden. Litt. NRK TV
Kva skjer når ein storforbrukar gjer alt ho kan for å bli miljøvenleg? Live snur livet på hovudet i eit forsøk på å redde verda. Litt.

Planetpatruljen NRK TV
Ein er aldri for liten til å gjera noko stort og alle kan gjera litt. Eit miljøprogram for dei yngste.

Thank you for the rain (2017) Aftenposten
Klimaendringane trugar livsgrunnlaget til den kenyanske bonden Kisilu. No sloss han både heime og globalt for å redda planeten og familien frå svolt. 

Chernobyl (2019) HBO Nordic
I april 1986 eksploderte ein av dei fire reaktorane i Tjernobyl kjernekraftverk i Sovjetunionen, som er kjent som verdas verste kjernekraftulukke. Miniserien viser kva feil som førte til ulukka, og arbeidet som vart gjort for å minimera skadane. 

Birders (2019) Netflix
Fuglekikkarar på begge sider av grensa mellom USA og Mexico deler entusiasmen for å verna nokre av verdas vakraste artar.

Chasing coral (2017) Netflix
Dykkarar, forskarar og fotografar verda over sett i gang ein storstilt under-vatn-kampanje for å dokumentera korleis korallreva er i ferd med å forsvinna.

Mission Blue (2014) Netflix
Denne dokumentaren fylgjer havforskaren Sylvia Earle og hennar forsøk på å redde verdas hav frå trugsmål som overfiske og giftig avfall.

Plastic China (2016) Amazon Prime og Vimeo
Kina er verdas største importør av plastavfall og bortimot 30 byar sin økonomi er bygd rundt prosesseringa av søppelet. I denne filmen treffer me elleve år gamle Yi-Jie som jobbar på eit gjenvinningsanlegg. 

Terra (2015) Netflix 
Ein vakker dokumentar om forholdet me har til andre levande vesen, når me blir stadig meir isolert frå naturen.

The Ivory Game (2016) Netflix
Elfenbeinhandelen er under lupa og aktivistar infiltrerer det korrupte miljøet som driv den afrikanske elefanten mot utrydding.

How to change the world (2015) Netflix og Vimeo
Historia om korleis Greenpeace vaks frå ein spontan protest på 70-tallet for å stoppa Richard Nixon sine atomprøvesprengninger i Alaska, til å bli ei global rørsle.

A flickering truth (2015) Vimeo
Taliban erklærte forbod mot film, og Afghan Films vart truga til å brenna filmrullar. Mykje vart heldigvis gøymt unna, og denne filmen viser ei nesten 100 år gammal filmarv av afghansk kultur.

Bjørnøya (2014) Vimeo
Tre brør drar til Bjørnøya for å surfe. Sysselmannen på Svalbard er skeptisk og meiner at faren for at liv går tapt er for stor. Landskapet blir deira leikegrind, og paragliding og snøbrettkøyring fyller dagane. 

Bugs (2016) Vimeo
Ein forskar og to kokkar reiser verda rundt for å læra av dei to milliardar menneska som et insekt. Vi får følge med på deira samtalar og opplevingar i naturen, på forskningslaben, gardsbesøk og internasjonale konferansar.

The Human Scale (2012) Vimeo
Den danske arkitekten Jan Gehl har dei siste femti åra observert korleis det moderne bylandskapet hindrar menneske å møtast. Gehl sine tankar om å skapa inkluderande byar med fotgjengarar og syklistar i fokus, har blitt meir aktuelle med dagens miljø- og klimaspørsmål.

The Islands and the Whales (2016) Vimeo
Eit historisk perspektiv på Færøyane, frå det vart busatt på 800-tallet til dagens, moderne samfunn. Gamle tradisjonar møter plastforureining og kvalar med store mengder kvikksølv. 

Urbanized (2011) Vimeo
Korleis utforma gode byar som veks? Denne dokumentaren ser på utfordringar og strategiar som ligg bak byutvikling. Her fortel arkitektar, planleggarar, politikarar, entreprenørar og tenkarar om sine syn. 

10) Les tidsskrift om natur og miljø

Akkurat no er det gratis tilgang på fagtidsskriftar på Idunn. Der kan du fordjupa deg i tidsskrift som Kart og plan, Naturen og Plan

Natur&Miljø er medlemsmagasinet til Naturvernforbundet, og har publisert arkivet sitt med utgjevningar som strekk heilt tilbake til 1965. 

NaturVest er medlemsmagasinet til Naturvernforbundet Hordaland. 

PUTSJ er eit magasin for unge om miljø, kultur og aktivisme, av Natur og Ungdom. 

Harvest er eit nettmagasin om menneske, miljø og natur. 

2°C er eit magasin som formidlar oppdatert kunnskap om klima og klimaløysingar. Det vert gjeve ut av Norsk klimastiftelse. 

11) Engasjer deg!

Naturvernforbundet jobbar med ei rekke forskjellige saker, og me har mange frivillige som bidreg på forskjellige måtar. No som alle arrangementa våre er utsett av smittevernomsyn, jobbar me likevel med å lesa oss opp på saker, skriva høyringsuttalar og planlegga arrangement me skal gjennomføra når koronaepidemien er over.

Nokre saker/tema me jobbar med:

  • Samferdsel
  • Nye naturvernområde
  • Vassdragsvern
  • Vindkraft
  • Plast og forsøpling
  • Framande artar
  • Naturmangfald

Ta kontakt med oss på hordaland@naturvernforbundet.no om du er interessert i å engasjera deg!