Du er her:

Bygg insektshotell

Det er ikkje berre humlene som er nyttige i hagen. Andre bier og veps, biller og blomsterfluger er også viktige pollinatorar. Bygger du eit insektshotell hjelper du dei med ein plass å bu, og du hjelper både insekter og plantar i hagen din.

Dyr som marihøner, gulløye og edderkoppar held kontroll på andre småkryp som elles kan opptre som skadedyr i hagen. For å legge til rette for dei gode hjelparane og skape eit stort mangfald i hagen bør du sørge for at dei har ein plass å bu. Mange insekt bur i død ved og gamle, hole tre. Viss dette er mangelvare i hagen din bør du vurdere å lage eit insektshotell. Her kan du mellom anna få besøk av solitære bier, det vil sei bier som lever aleine og ikkje i store samfunn slik som den tamme honningbia. Biene finn seg eit passande hol i hotellet der dei lagar celler av voks som dei legg egga sine i, saman med matpakkar av pollen. Deretter murer dei igjen inngangen med leire. Slik ser du når eit hotellrom i insektshotellet ditt er opptatt.

Slik bygger du insektshotell

  • ImageFantasi, materiale og plass er det einaste som set grenser for eit insektshotell. Det kan bestå av ein enkel trestokk med hol i, eller byggast opp til eit stort «hus» som vist her. 
  • Du kan til dømes bore seks til ti cm lange hol i trestokkar og gammal murstein. Diameteren på hola bør vere forskjellige. 4, 6 og 8 mm er passe. 
  • I andre delar av hotellet kan du plassere hole stenglar og strå. Takrøyr, kvann, løpstikke, sibirbjørnekjeks, bambus, parkslirekne og hyll er planter som egnar seg godt. Pass på at røyra berre har opning i den eine enden. 
  • I tillegg kan du fylle insektshotellet  med kongler, barkbitar og tørt gras. 
  • Fest netting framfor det som sitter laust, så hindrar du fugleangrep. 
  • Sørg for eit godt tak som beskyttar mot regn og vind. 
  • Ikkje mal, lakk eller impregner insektshotellet. 
  • Plasser insektshotellet på ein lun og solrik plass i hagen der det er god tilgang på blomar med rikeleg nektar og pollen, gjerne inntil ein vegg. 
  • Plasser helst nokon små leirklumpar i eller ved insektshotellet. Leira brukar insekta til å mure igjen hòlet der dei legg egg. Gjenmurte hol tydar på gjestar i hotellet!