Stolt naturvernar

Gudrun Folkedal har protestert mot monstermastene i Hardanger, kjempa for å bevare Bømoen og for vern av verna vassdrag. Og mykje meir.

Gudrun Folkedal på dugnad for å få bukt med kjempespringfrøFoto: Privat
Foto: Privat

Gudrun Folkedal

Rolle: Styremedlem i Voss Naturvernlag
Alder: 41
Bustad: Evanger, Voss herad. Født og oppvaksen i  Folkedal ved Granvinsfjorden i Hardanger.
Utdanning: Lokomotivførar og adjunkt.
Yrke: Har arbeidd 12 år som lokomotivførar, men arbeider som lærar akkurat no.  
Medlem i Naturvernforbundet frå rundt 2015. Var aksjonsleiar i Hardangeraksjonen og deltok ilag med  Synnøve Kvamme, og mange andre i protestaksjonar mot Statnett si utbygging av monstermastene i Hardanger. Under aksjonane i Hardanger vart Gudrun bøtlagd for ca. 40 000 kroner og har vore med på ca 40 aksjonar i tilknytning til anleggsverksemda til Statnett. Gudrun vart arrestert eit par gonger. Sprang ifrå sivilkledd politi då ho aksjonerte ved eit av mastepunkta i fjellet. Denne utbygginga av kraftnettet og aksjonane resulterte etter kvart i eit aktivt og engasjert medlemsskap i Naturvernforbundet … utan å ty til sivil ulydigheit.

Kva er den viktigaste saka for Voss Naturvernlag akkurat no?

Utan tvil Bømoen-saka. Det er planar om utbygging av store delar av Bømoen, den siste gjenverande, unike furumoen på Voss og eit svært attraktivt og kjært frilufts- og aktivitetsområde. Me kallar Bømoen for Voss sitt svar på Nordmarka i Oslo.

Området er svært viktig for luftsportsmiljøet og for Ekstremsportveko. Voss Naturvernlag var ein svært aktiv bidragsytar i samband med vedtaket om ein reguleringsplan for området i 2024. Planen sikra mange av naturverdiane i Bømoen og vart stadfesta av Statsforvaltaren i 2025. Akkurat no er stoda i denne saka at heradsstyret sa ja til oreigning av området no i februar,  så no er det eit håp om ein lukkeleg slutt på dramaet om Bømoen.

Foto: Øystein Økland
– Når du blir stolt av naturen, vil du også bevara naturen og mangfaldet i naturen, meiner Gudrun Folkedal i Voss Naturvernlag. Gudrun jobbar i dag som lærar, men har fleire års fartstid som lokomotivførar. Her fotografert like ved jernbanestasjonen på Evanger.

Korleis jobbar de politisk med sakene?

Me brukar masse tid og krefter på å ha ein tett og god dialog med lokalpolitikarar som vi veit står på vår side i spørsmål knytta til natur og miljø. Det er viktig for oss å tilføra dei relevant kunnskap i saker ein ikkje kan forventa dei har tilstrekkeleg innsikt i. No står ein ny gjennomgang av arealplanen i heradet for tur, men vår utfordring er kapasitet. Vi druknar på ein måte i mengde saker og omfanget i dei.

Andre saker du vil trekka fram?

Eg vil nemna arbeidet for framleis vern av verna vassdrag som Raundalsvassdraget. I den samanheng arrangerte me vassdragshelg på Voss i september i fjor saman med DNT.

Vidare har me sett søkjelys på prosessen med å gje løyve til bygging av skogsbilvegar. Me har bede heradet om å få stå som høyringsinstans i slike saker, og spesifikt bede om innsyn i saka om skogsbilveg ved Guleikstreet. Me registrerer at det tidvis er mangelfull saksbehandling når det vert gjeve løyve til bygging av skogsbilvegar. I mange tilfelle skulle sakene vore handsama etter plan- og bygningslova. Og i nokre tilfelle også etter naturmangfaldslova, kulturminnelova og/eller forureiningslova. Men det skjer ikkje dessverre.

Og så vil eg nemna  to prosjekt. Det fyrste «Eit villare Voss» som er eit samarbeidsprosjekt mellom Voss naturvernlag, Voss vidaregåande skule, Voss gymnas og Voss herad, der me saman jobbar for å gjera Voss litt villare m.a. gjennom restaureringsinnsats som t.d. fjerning av uønska framande artar, etablering av blomeeng og undervisning og kunnskapsformidling. I det andre prosjektet, «Redningsaksjon stadeigen natur», har Voss naturvernlag samarbeidd med eit lokalt firma Naturverkstaden og Voss herad og invitert lag, organisasjonar, russegrupper og skuleklassar  til å vera med på store dugnadar for å fjerna framandartar.

Kva er du mest skuffa over?

Det er kanskje i dei små sakene der me ikkje klarar å mobilisera, for eksempel vegbygging fram til hytter og hyttefelt. Me fekk likevel sendt ein høyringsuttale til detaljreguleringsplanen for området Stuaset–Holo II, der me meinte planforslaget var villeiande og opna for omfattande naturinngrep. Me viste m.a. til brot med føringar i KPA (kommuneplanens arealdel) om ikkje å bygga nye vegar i eldre hyttefelt.  Voss herad vedtok detaljreguleringsplanen og me klaga til Statsforvaltaren i Vestland på vedtaket. Statsforvaltaren godtok ikkje klagen vår.

Det er så mange tilsvarande saker heile tida som me ikkje har kapasitet til å koma med innspel til. Voss herad dekkjer eit veldig stort område, og sidan me berre er ein tre-fire i styret som kan jobba med utbyggingsplanar og høyringsinnspel, seier det seg sjølv at me dessverre ikkje klarar å ta tak i alle sakene. Og nokre går også under radaren. I styret er me to småbarnsmødre. Eg er ei av dei. Og vi er alle i jobb, og det seier seg sjølv at det er grenser for kor mykje arbeid vi kan leggja ned i sakene vi har så veldig lyst å jobba med. Men det handlar om å prioritera, og me klarar heldigvis å setja av tid og ressursar til dei sakene og områda me meiner er viktigast for Naturvernlaget å engasjera seg i.

Så er det dessverre slik at lokale, veldig mektige utbyggjarar og investorar trekkjer i trådane og får gjennomslag i saker som vi meiner er uheldige for naturen og naturmangfaldet.

Det er stadig fleire som støttar og melder seg inn i Naturvernforbundet. Er det vekst i medlemstalet i Voss også?

Ja. Det er vekst, men den er ikkje stor. I dag er det registrert 346 medlemer i Naturvernlaget. Me kunne nok vore flinkare til å verva medlemer, men me har meir enn nok med å overleva med alle dei sakene vi involverer oss i.

Har du råd og tips til andre lokalagsleiarar i Naturvernforbundet?

Eg trur at ein suksessfaktor er å engasjera og involvera lokalbefolkninga. Til dømes har me gjort det for eksempel i dugnader for artskartlegging og fjerning av framande planter, hatt undervisningstimar på skular på Voss,  og arrangert demonstrasjonar knytta til utbyggingsplanane for Bømoen. Samarbeid med andre organisasjonar som Ekstremsportmiljøet, DNT og Natur og Ungdom er eit anna eksempel på ei prioritering vi gjer for å styrka naturvernet i Voss herad.

Eit eksempel på å engasjera lokalbefolkninga er å invitera til dugnadsinnsats i kampen mot framande artar som kjempespringfrø. For nokre år sidan starta eg eit prosjekt for å engasjera lokalbefolkninga i Folkedal i å fjerna planta kjempespringfrø. Folkedal vart delt inn i soner og innbyggjarane fekk ansvar for å fjerna kjempespringfrø i kvar si sone. Dei skriv timar for arbeidet dei gjer, og Folkedal ungdomslag får utbetalt for timane. På denne måten går midlane tilbake til lokalsamfunnet, noko som kan verka motiverande for mange.  Modellen vert kalla for Folkedalsmodellen og er no under utprøving fleire andre stader i området.

Gudrun Folkedal på dugnad for å få bukt med kjempespringfrøFoto: Privat
– For nokre år sidan starta eg eit prosjekt for å engasjera lokalbefolkninga i Folkedal i å fjerna planta kjempespringfrø, fortel Gudrun. – Eit eksempel på å engasjera lokalbefolkninga ved å invitera til dugnadsinnsats i kampen mot framande artar, meiner ho.

Kva for informasjonskanalar meiner du bør prioriterast?

Eg meiner at informasjonsmøte og folkemøte, gjerne i samarbeid med andre aktørar, er ein ein god kanal for å få fram relevant kunnskap. Eksempelvis tok me i fjor initiativ til eit seminar om flaumsikring i samarbeid med DNT og Natur og Ungdom. Det var populært og mange møtte opp.  Debatt- og lesarinnlegg i lokalavisa er og ein viktig kanal i arbeidet vårt.

Kva verdi har naturen i Voss for deg?

For meg, og for dei flest her i Voss herad, er dei store friluftslivområdene me har veldig populære og verdifulle. Også for folkehelsa.

Når du blir stolt av naturen, vil du også bevara naturen og mangfaldet i naturen.

Eg registrerer at mange er stolte av dei unike, lokale skogsområda me har. Artsrike slåttemarker er eit anna eksempel på ein naturtype som gir lokal stoltheit. Stoltheit er også ein verdi som ikkje må gløymast.

Hvis du skal tilby gjestane dine den aller vakraste naturopplevinga i Vosse-traktene, kvar tek du dei så fall med?

Eg er jo eit fjordmenneske. Så du MÅ nesten sjå ein fjord. Så eg ville teke gjestene mine ned til Hardangerfjorden. Lokalt her på Evanger tek eg  gjerne med meg folk opp i Teigdalen. Det er ein heilt spesiell flat dal. Ideell for sykkelturar og bading i elvane der. Eg må også nemna turen frå DNT-hytta Kiellandbu ned Flatabødalen til Botn inst i Fyksesund. Nedover mot fjorden i dette kulturlandskapet er heilt fantastisk. Ei magisk oppleving og kanskje den finaste turen eg har gått.

Naturverneren

I denne spalten heier vi på ildsjelene i Naturvernforbundet, som på ulike måter bidrar de til å ta vare på naturen. De fortjener å bli sett, og deres erfaringer kan være til inspirasjon for mange.