Bergens-politikarar på synfaring langs den tenkte Hordfast-traseen
Seks politikarar, dei fleste frå Utval for miljø og byutvikling i Bergen (UMBY) takka ja til Naturvernforbundet sin invitasjon til å delta på ei synfaring den 14. november.
Foto: Pål FidjestølFor oss i Naturvernforbundet er det spesielt viktig akkurat no å tilføra politikarane i Bergen best mogleg innsikt og kunnskap om konsekvensane av denne planlagde motorvegutbygginga. Bakgrunnen for invitasjonen er at byrådet i Bergen nyleg kunngjorde at dei no likevel er innstilde på å støtta utbygging av Hordfast. I 2023 vedtok bystyret i Bergen høyringsinnspel til arbeidet med ny Nasjonal Transportplan (NTP). Hordfast vart ikkje prioritert i høyringsinnspelet den gongen. Derfor inviterte vi no Utval for miljø og byutvikling til å bli med oss på ei kunnskapsreise langs traseen, fortel Tom Skauge, som er skuffa, men ikkje overraska over at utvalsmedlemmer frå Høgre, FrP, KrF og Venstre ikkje deltok.
Derimot fann representantar frå Ap, SV, Raudt, INP og ein uavhengig det både relevant, nyttig og lærerikt å få eit endå betre kunnskapsgrunnlag om Hordfast.
– Brua vil øydeleggja friluftsområdet vårt
Første stopp på rundturen var Skitnavågen på sør-spissen av Lepsøy i Bjørnafjorden kommune, der den over fem kilometer lange flytebrua over Bjørnafjorden er tenkt å koma i land. Knut Børgesen frå Folkeaksjonen mot Bru over Bjørnafjorden fortalde engasjert om bakgrunnen for etableringa og organiseringa av folkeaksjonen mot brua.
– Ei slik monsterbru vil øydeleggja heile friluftsområdet vårt. Det som er fantastisk er at det er heilt stilt her ute. Du høyrer så vidt ferja som passerer rett utanfor her. Det er eit viktig område for rekreasjon. Vi har eit fritt utsyn utover fjorden, og det er ingen skjemmande utbyggingar av noko slag å sjå, understreka Børgesen. Han gjorde politikarane samtidig merksam på at Havforskningsinstituttet har undersøkt lydforureining i maritimt miljø, men Statens vegvesen har ikkje greia ut kva konsekvensar lydforureining kan ha å seia for dyreliv dersom brua vert bygd.
Foto: Øystein Økland– Ei slik monsterbru vil øydeleggja heile friluftsområdet vårt. Det som er fantastisk er at det er heilt stilt her ute. Du høyrer så vidt ferja som passerer rett utanfor her. Det er eit viktig område for rekreasjon. Vi har eit fritt utsyn utover fjorden, og det er ingen skjemmande utbyggingar av noko slag å sjå, understreka Børgesen.
Han gjorde politikarane samtidig merksam på at Havforskningsinstituttet har undersøkt lydforureining i maritimt miljø, men Statens vegvesen har ikkje greia ut kva konsekvensar lydforureining kan ha å seia for dyreliv dersom brua vert bygd.
Turen gjekk så vidare til Halhjem og ferje til Våge på Tysnes. Under overfarten la Jan Chr. Rivenæs fram ei rekkje godt dokumenterte konsekvensar av naturinngrepa som Hordfast vil få.
Foto: Øystein ØklandNaturtypen kystregnskog svært truga
– Alle påstandar frå lobbyen om eit «skånsomt inngrep» kan leggjast daude, fastslo Rivenæs og viste til at også reguleringsrapportane som Statens vegvesen har lagt fram vedgår store inngrep og irreversibelt tap av naturtypar der Noreg har eit internasjonalt ansvar, særleg for naturtypen kystregnskog, påpeika Rivenæs.
Det vert estimert at tiltaket med ringverknader medfører at eit samla tap av raudlista regnskog kan utgjera 547 dekar som tilsvarar 77 fotballbanar i fylgje Rivenæs. Han har over fleire år tileigna seg omfattande og inngåande kunnskap om kystregnskogområda og artsmangfaldet i sørvestre delen av Tysnes og Reksteren.
– Regnskogane er kjent for ein spesielt høg luftfuktighet, men sidan denne er vanskeleg å måla, er det på artsmangfaldet vi i praksis kan identifisera regnskoglokalitetar, sa Rivenæs, som var reisefylgjet sin lokale guide på Tysnes. Han tok reisefylgjet med utover mot regnskoglokalitetane i områda Landrøyvågen og Bårdsund.
Foto: Øystein ØklandEtter ferjeturen frå Hodnaneset sør på Tysnes og over til Jektevik på Stord, vart fylgjet møtt av styremedlemene Per Fadnes og Jan Rabben i Naturvernforbundet på Stord som gav eit godt oversyn over traseen og fylgjene for naturverdiar på Stord.
Vi har eit globalt ansvar
– Naturtypen boreonemoral regnskog har sin kjerne her på Stord, Tysnes og Bømlo. Den forsvinn både nord og sør for Sunnhordland. Du må over til England og Skottland for å finne denne naturtypen. Vi har derfor et globalt ansvar for å ta vare på denne naturtypen, fastslo Per Fadnes.
Dei viste samtidig til at det kring Heiane industriområde sør for Leirvik er det regnskog.
– Dette industriområdet ble lagt ut før ein kjente særleg godt til denne naturtypen. Mykje av regnskogen er derfor forsvunne i samband med utbygginga på Heiane. No kan Hordfast forsyna seg endå meir av regnskogområda våre, frykta dei begge.
Dei er også uroa over konsekvensane av mikroplast i naturmiljøet langs den tenkte traseen.
– Vi veit at om lag 80% av mikroplasten i Oslofjorden kjem frå trafikken. Med elbilar som er tyngre enn bilar flest, auka hastigheit og akselerasjon kan andelen mikroplast frå biltrafikken bli endå høgare langs den tenkte Hordfast-traseen, understreka dei.
Roald Kvamme frå Norges Miljøvernforbund, som også deltok på synfaringa, tilførte deltakarane ei rekkje viktige og nyttige innspel undervegs. Han supplerte mellom anna informasjonen om trafikkframskriving og mikroplast frå biltrafikken.
Foto: Øystein Økland– Alt dette vi har snakka om i dag er også problematisert i Klimameldinga og Naturmeldinga. Mikroplast og trafikkvekst er problematisert og det vert påpeika i meldingane at vi kan ikkje lenger ha dei framskrivingane vi opererer med for trafikkvekst. Vi må ned mot null, sa Kvamme.
Avslutningsvis les Per Fadnes eit dikt frå diktsamlinga Eks jordisk av Torild Wardenær som har portrettert 37 av totalt 2787 raudlisteartar i diktboka si. Kystskriftlav, eit av portretta i diktboka, er registrert 1464 gonger i fylgje Artsdatabanken. Dei aller fleste er registrert i kystregnskoglokalitetar i Sunnhordland.
Kystskriftlav Graphis elegans
Dikt av Torild Wardenær
Trærne bærer ennå sine fortjente ordensmerker
Insignier av mørkt lav på stammene, tegn som kan ligne eldgamle innskrifter på Linear B-språk, ugarittisk kileskrift, eller kyrilliske bokstaver på stein og papyrus.
For her, i de Vestlandske regnskogene, risser kystskriftlav seg selv inn på enkelte nordvente trestammer av rogn, bjørk, ask og hassel skriver disse mørke, sjeldsynte og uransakelige hieroglyfene fram.
Uransakelige?
Nei, for det er klart nå at de vil måtte kunne tolkes som en siste desperat melding til oss.
Støtt videre kamp mot Hordfast!
I skrivende stund har 98 813 kr. blitt gitt til arbeidet vårt mot Hordfast.





