NNV kritisk til oppdrettsplan i Ulvik

pixabay.com
pixabay.com

Naturvernforbundet  Hardanger er svært kritisk til reguleringsframlegget frå Ulvik herad og meiner saka må vurderast i kommuneplanen før ein kan gå vidare med ei  eventuell regulering.

Sett i eit regionalt perspektiv må saka løftast opp og involvera alle Hardangerkommunane og Hardangerrådet. Reguleringsplanen underkommuniserer utsleppsfakta og bagatelliserer miljøkonsekvensane over tid.

Den demokratiske og faglege prosessen er ikkje ivaretatt i reguleringsfremlegget til Ulvik herad.

Sjå vedlegg for vår grundige uttale.