Innbyggarengasjement mot Eidfjord Resort

Villreinen er raudlista og under sterkt press. Den treng å få ha dei siste leveområda sine i fred – ikkje tusenvis av nye hyttenaboar.

Reklameskilt for Eidfjord Resort foran storslått naturGunvar Mikkelsen / FNF Hordaland
Gunvar Mikkelsen / FNF Hordaland

I Sysendalen, ved foten av Hardangervidda og villreinen sitt rike, er det bestemt frå høgaste hald at «Eidfjord Resort» skal koma. Myrull og fjellbjørk skal erstattast med skiheisar, hotell, hytter og leiligheiter med 4500 sengeplassar. 

Heldigvis for villreinen har manglande investeringsvilje så langt sett ein stoppar for utbygginga, og igangsettingsløyvet har gått ut på dato. Men på tampen av 2025 skal Eidfjord Resort ha fått på plass avtale med ei lita gruppe vestlandsbaserte investorar som skal sikra prosjektet mot konkurs, og i slutten av april sendte dei søknad til Eidfjord kommune om nytt igangsettingsløyve for å kunna ta fatt på utbygginga.

Endra stemning

Samtidig ser det ut til at stemninga har endra seg i Eidfjord i løpet av dei sju åra som har gått sidan vedtaket kom: I løpet av berre tre dagar skreiv 80 av dei 986 innbyggarane i Eidfjord no i april under på eit opprop med krav om at kommunestyret tok opp Eidfjord Resort til ny vurdering, i lys av ny kunnskap om villrein og natur. 

Initiativtakar til innbyggarforslaget, Torgeir Myrvang (32), haldt eit flammande innlegg på kommunestyremøte 11. mai, med klare oppfordringar til dei folkevalde om å visa seg som ansvarlege forvaltarar av naturen: 

«Slik eg ser det, handlar det om kva Eidfjord skal vera i framtida. Skal me berre fortsetta med hyttebygging i stor stil, utan å reflektera noko over kva fylgjer det får for reinen?» spurte han frå talarstolen. «Den naturen som me er sett til å forvalta, den tar slutt. Det er ikkje uendeleg med natur. Og me ser no at villreinen, som har levd på vidda i over 10 000 år, slit enormt.» 

Og Torgeir har heilt rett. Sidan reguleringsplanen for Eidfjord Resort vart vedteken i 2021, har villreinen for første gong hamna på raudlista over artar som står i fare for å døy ut, og me har fått ei kvalitetsnorm for villrein der Hardangervidda villreinområde vert klassifisert som raudt/dårleg. Villreinen er avhengig av store leveområde, og det største trugsmålet mot den er inngrep som bygging av hytter, vegar og kraftanlegg. 

Plan for å redda villreinen

I skrivande stund er ein tiltaksplan for å redda villreinstamma på Hardangervidda under utarbeiding. I utkastet vert villreinkommunar oppmoda om å legga vekk planlagde utbyggingar som vil vera negative for villreinen, også i randsonene.

Dessverre var ikkje fleirtalet i Eidfjord sitt kommunestyre lydhøyre verken for ny kunnskap eller innbyggarane sitt engasjement, og vedtok mot SV sine tre stemmer, å ikkje ta innbyggarforslaget til fylgje. Så kva skjer no?

Naturvernforbundet meiner at Eidfjord kommune ikkje kan gje eit nytt igangsettingsløyve for Eidfjord Resort utan å ta innover seg den nye kunnskapen og dei skjerpa nasjonale føringane som har kome sidan 2021 for å ta vare på villreinen. Me vil fylgja saka tett, og nytta kvar einaste moglegheit me har for å stoppa utbygginga. Eidfjord Resort er eit luftslott som må parkerast der det høyrer til: i fortida.

NaturVest

NaturVest er magasinet for medlemmer i Hordaland. Det kommer ut to ganger i året, med et opplag på ca. 3000. Vi publiserer også magasinet på nett, som du kan finne i vårt digitalt arkiv.

Vi har også en podkast med samme navn. Husk å abonnere!