Nei takk til cruisehamn ved Skarpen i Kvam

Naturvernforbundet i Hardanger med klar tale: Planane om cruisehamn ved Skarpen må stoppast no

Naturvernforbundet i Hardanger sendte nyleg følgjande tydelege høyringsuttale til Kvam kommune sitt initiativ for å leggje ei ny cruisehamn til Skarpen:

Uttale om planinitiativ Skarpen cruise- og næringspark i i Kvam

Naturvernforbundet Hardanger er lokallag i Norges Naturvernforbund som er den største almenne naturvernorganisasjonen i landet. Lokallaget i Hardanger som vart uvida frå Kvam for tre år sidan, har nær 300 medlemer.

Uttalen frå Naturvernforbundet Hardanger baserer seg stort sett på tilgjengeleg materiell i planinititivet utarbeidd av ABO Plan & Arkitektur med vedlegg, datert 30. april 2026, og notat frå Kvam herad sitt oppstartsmøte med tiltakshavarane 20. juni 2026. Me har også henta inn kunnskap frå andre kjelder som me viser til etterkvart i uttalen.

Då Arkoconsult og GBS AS søkte om dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan for Skarpen i 2025, kom Naturvernforbundet også med innspel der me mellom anna peika på at det omsøkte tiltaket ikkje kunne handsamast som ein dispensasjon.. I den vidare prosessen trekte tiltakshavar dispensasjonssøknaden og fremja eit planinitiativ for å endra den nyleg vedtekne reguleringsplanen.

Heradet kan alt no seia nei til planarbeidet

Naturvernforbundet Hardanger kom som nemnt, med uttale til dispensasjonssøknaden. Me meiner framleis at det er nok bakgrunnskunnskap til å seia nei til vidare planarbeid etter det grunnleggjande «førevar-prinsippet».

Men kunnskapen er ikkje tilfredsstillande til å seia ja til planinitiativet som no ligg føre.

Krev planprogram og konsekvensanalysar

Naturvernforbundet er usamd i vurderingane som vert gjort i pkt 5 i planinitiativet «Vurdering av behov for konsekvensanalyse». Tiltakshavar skriv at gjeldande reguleringsplan er konsekvensutgreidd. Naturvernforbundet peikar på at den planen ikkje inneber konsekvensar for cruisetrafikk. Det er svært vesentlege endringar i høve til vedteken reguleringsplan.

Me meiner også at dei korte vedlegga som var laga til dispensasjonssøknanen, og no ligg ved planinitiativet, ikkje er gode nok som konsekvensutgreiingar. Når det gjeld krav til metodikk viser Naturvernforbundet til «Veileder M 1941.. Jamfør denne nettsida. : https://www.miljodirektoratet.no/konsekvensutredninger.

Tiltakshavar har fått utarbeidd korte analysar for å visa konsekvensane av cruisekaien. Det generelle inntrykket er at analysane inneheld lite kunnskap og omfattar eit svært avgrensa geografisk område. Det vert nemnt svært lite om utslepp både til fjord og luft og kva den auka trafikken vil ha å seia for  naturslitasjen på land og på livet i fjorden.

I referat frå oppstartmøtet 20. mai tilrår heradet at planarbeidet vert sett i gang, men heradet presiserer at «det vert lagt opp til full endring og utviding av eksisterande reguleringsplan for området». Heradet set opp ei detaljert liste med krav til planframlegget.

Naturvernforbundet støttar krava frå heradet i oppstartsmøtet. Men det undrar oss at administrasjonen godtek at denne fulle endringa kan skje etter etter plan- og bygningsloven kap 12. utan planprogram til offentleg ettersyn og konsekvensutgreiingar for verknad på fjord og landskap.

Naturvernforbundet meiner tiltaket med cruisetrafikk må vurderast som ei svært komplisert sak. Verknaden på livet i fjorden, i nærområdet, på bygda og naturområda på land og sjø som er planlagt brukt, er ikkje vurdert i nokon planar i heradet.

Naturvernforbundet viser også til Statsforvaltaren sitt brev til kommunane 9. juli 2026 om nokre viktige tema ved handsaming av saker etter plan- og bygningslova, naturmangfald, naturfare, konsekvensutgreiingar og oversending av saker. Formålet med naturmangfaldslova er, sitat frå brevet, at: «naturen  med dens biologiske, beredskapsmessige, lanskapsmessige og geologiske mangfold og økologiske prosesser tas vare på ved bruk og vern, også slik at den gir grunnlag for menneskenes virksomhet, kultur, helse og trivsel, nå og i fremtiden».

Naturmangfaldslova set krav til at kunnskapsgrunnlaget er godt. Etter paragraf 17 i forvaltingslova skal ei sak vera så godt opplyst som mogeleg før det vert gjort vedtak. I paragraf 8 vert det sett krav til kunnskapsgrunnlaget: «Offentlige beslutninger som berører naturmangfoldet skal så langt det er rimelig bygge på vitenskapelig kunnskap om arters bestandssituasjon, naturtypers utbredelse og økologiske tilstand, samt effekten av påvirkninger.»

På denne bakgrunnen meiner Naturvernforbundet at innspela som kjem inn i denne fyrste runden, skal danna grunnlag for eit planprogram og framlegg til konsekvensutgreiingar som vert lagt ut til offentleg høyring.

Bakgrunnsopplysningar og litt historie

Naturvernforbundet Hardanger vil peika på at då reguleringsplanen for Skarpen vart endeleg godkjent i møte i Kvam heradsstyre 19. juni 2023, sak 094/23, står det i sakssamandraget mellom anna: «Reguleringsplanen for Skarpen er i tråd med intensjonen i kommuneplanen sin arealdel om å leggja området til rette for tyngre entrepenørverksemd som lagring og omsetjing av steinmassar, betongblanderi, lagerhallar for utstyr og materiell med meir.» I føremålet er tydeleg at tyngre næring skal ut frå sentrum av Øystese og bør leggjast i randsona rundt med god kopling til veg og sjøtransport. I arbeidet med planen var det peika på at både Jan Mo A/S og Kvam Betong var aktuelle for å flytta til Skarpen og deira etablering var eit av argumenta for å få ein tenleg kai i Oddesvik.

Då planen vart vedteken, inkluderte det ein intensjonsavtale med GBS Entrepenør AS om at verksemda overrtek det regulert næringsarealet. I føremålet i avtalen vert det presisert at partane har «felles intensjon om å utvikle næringsområdet ved Skarpen på Laupsa (gnr 51, bnr. 1 og 2) til beste for næringsliv og innbyggjarane i kommunen. Ved å opparbeida industriområdet ynskjer ein å leggja til rette for at industriverksemder kan flytta ut av Øystese sentrum.»

Planen viser 36 dekar areal sett av til industriformål, 4 dekar til kai. I tillegg er det eit kombinert bygg- og anleggsformål nord for fylkesvegen på 5,5 dekar.

Mindre enn to år seinare vart planane endra og det vert arbeidd med planar om å leggja til rette for å ta mot cruiseskip. Tiltakshavarane GBS A/S og planleggjarane Arkoconsult støtta av fleire firma knytt til cruisenæringa meinte då at føremålet i reguleringsplanen kunne endrast ved ein dispensasjonssøknad.

I referat frå ein førhandskonferanse med heradet 3. juli 2025 oppsummerer administrasjonen planstatusen slik, side7: «Cruisehamn med Seawalk. fortøyningsanlegg, gangveg, kafe, og liknande er ikkje i samsvar med gjeldande planar eller byggeløyve. Det må avklarast om tiltaket får vesentlege verknadar for miljø og samfunn, og utløyser krav om regulering, planprogram, konsekvensutgreiing i plan- og bygningslova. Endring av reguleringsplan for Skarpen næringsområde vil måtte handsamast på same måte som ein ny reguleringsplan. Dispensasjon er ein unntaksregel»

Administrasjonen viste også til Energi- og klimaplanen for Kvam. Der er det overordna målet å medverka til å stoppa klimaendrinngane i tråd med FN sitt berekraftsmål nr 13 og medverka til at Noreg vert eit lågutsleppssamfunn i 2023. I planen vert det vist til at eit stort potensiale ligg i omlegging til fossilfritt drivstoff i skipsfarten, bil og maskinparken. Vidare at biologisk mangfald i havet er påverka av skipsfarten og at heradet skal «gjennom samarbeid med aktuelle styresmakter reduserautsleppog forureining frå skipsfart, havbruk og industri langs kysten» og at «Heradet bør samarbeida med andre kommunar, som Eidfjord, Granvin og Ullensvang om å stilla miljøkrav til cruiseskip og lasteskip som passserer på fjorden forbi Kvam herad.»

I eit planprogram med konsekvensutgreiing må ovanemnde problemstillingar vera ein viktig del. Verknaden av alle utslepp frå cruisetrafikken må også vurderast ut frå Vassdirektivet som byggjer på EU sitt vassdirektivet som er ein del av EØS-avtalen.

Mykje meir enn ei reguleringsendring

I ei fråsegn Naturvernforbundet Hardanger sende 11. november 2025, etter folkemøtet i Øystese 27. oktober, peika me på viktige innvendingar til tiltaket. Sjølv om prosessen no er komen litt lengre, er hovudinnvendingane til verknadane av tiltaket utafor det avgrensa området dei same.

I fråsegna skreiv me mellom anna at Kvam herad har vedteke og er i gang med samfunnsdelen til ein ny kommuneplan. I ein slik kommuneplan kan det vera ei utgreiing av konsekvensane av eit slikt tiltak på klima og miljø og naturområde i tillegg til livet i bygdene våre. Naturvernforbundet Hardanger meiner at regionen må satsa på eit meir miljø- og naturvenleg reiseliv enn cruiseturisme»

No i juli 2026 er desse merknadane framleis gyldige. Kvam og Hardanger via den felles reisemålsorganisasjonen Destinasjon Hardangerfjord satsar på samarbeid i utviklinga av reiselivet med vekt på kultur- og naturopplevingar. Det vert lagt vekt på utvikling av tilboda som finst. På heimesida hardangerfjord.com vert det vist til at reiselivet aukar. Utfordringa er å utvida sesongen og få folk til å stoppa over lengre tid. I høgsesongen er det alt no mykje folk. Naturvernforbundet Hardanger meiner det kan stillast spørsmål ved om dei som ynskjer å oppleva det unike ved Hardanger, kjem hit viss det vert lagt opp til cruiseturisme.

Det nære naturområdet med rikt fugleliv og sjøaureelv

Frå omlag 2005  og fram til 2020/21 vart det arbeidd med ein reguleringsplan for gnr. 51 bnr 2 m.fl. på Laupsa. Det arbeidet er nemnt i planinitiativet.

Naturvernforbundet i Kvam hadde to uttalar i høve planarbeidet. Dette området ligg svært nær næringsområdet på Skarpen der det no vert søkt om cruisehamn. Ei eventuell cruisehamn med tilhøyrande trafikk vil ha stor innverknad på naturverdiane i nærområdet frå Kvamsøy langs Bergsberget og vidare forbi Laupsa.

Her ligg den einaste attverande evja i sjø i Kvam innafor Tørvikbygd. Den grunne evjebiotopen er svært viktig for både vade- og symjefuglar. Elveosen der Laupsaelva renn ut i fjorden og det grunne området kring, er den siste naturlege elveosen ut i fjorden i sentrale deler av Kvam. Til ulike deler av året er det eit viktig område for mellom anna tjeld, hegre, spove, måseartar, terner, svaner, grågås og fleire andeartar. Fuglebiotopen her må sjåast i samanheng med Kvamsøy, Bergsberget på innsida av næringsområdet og Laupsadalen innover mot Skårsvatnet og Soldal. Viss me ser dette under eitt, har me eit langstrekt område med variert natur som er svært attraktivt for fuglelivet. I planinitiativet er ikkje fuglelivet nemnt eller vurdert.

Laupsaelva renn mot fjorden gjennom Laupsadalen. Ved Laupsa kryssar den FV7 og stuper nedi to fossar før den fredelig renn ut i Hardangerfjorden. Sjølv om elvestrekninga er kort for sjøauren er hølane, elvosen og bukta utafor viktige for fisken. Så vidt me veit har Øystese jeger- og fiskarlag hatt planar om å gjera elva vidare innover dalen tilgjengeleg for sjøaure. Elva renn ut i sjøen i siste rest av ein naturleg naturleg elveos i sentrale Kvam. Her står hegre og fiskar tolmodig og sjøfuglen flokkar seg på fjorden. I Vikøy, Norheimsund og Øystese har elveosar og evjer vorte regulert bort og bygt ned. Movatnet er den siste plassen for slike fugl i området.

Dei fleste fugleartar må ha større område for å trivst og overleve. Området frå Kvamsøy via Bergsberget, osen av Laupsaelva og Laupsadalen opp mot Stormyrane og Skårsvatnet er eit viktig, langstrakt, samanhengande sommar og vinter habitat. Tjeld, hegre, spove, måse, terner, svaner, grågås og andre andearter er stasjonære i dette våtmarksområdet eller kjem på besøk til ulike tider av året

Cruisetrafikk aukar klimagassutslepp og slitasje på naturen

Når cruiseaktørar og entreprenørverksemda GBS legg fram storstila planar om cruisekai i næringsområdet Skarpen i Øystese, meiner Naturvernforbundet Hardanger at det er eit høve til å heva blikket og sjå på verknaden av cruisetrafikken.

Cruisetrafikken er aukande og av den grunn aukar også utsleppa. Med dei reglar som er i dag, har cruiseskip store utslepp av klimagassar, svoveldioksid, nitrogenoksyd og mikroplast. I ein omfattande rapport frå NHO Reiseliv frå 2019 vert det peika på at cruiseskipa ureinar meir pr.  person enn andre transportformer som luftfart og bilar pr. passasjerkilometer. Rett nok er det sett litt strengare krav til utslepp av svoveldioksyd etter den tid, men likevel aukar den samla ureininga av utslepp fordi trafikken aukar.

I ein stor reprtasje om cruiseindustrien i BT 13. juni seier Norsk klimastiftelse at utsleppa frå cruisetrafikken på Vestlandet er bekymringsfull. Det har vore ein auke frå nesten 95030 tonn CO2- ekvivalentar i 2016 til 160.969 tonn i 2025. Det er nesten 70 prosent på ni år.

I Menon Economics sitt notat nr 9/2025 «Bør norske destinasjoner etablere cruisehavn» som ligg ved planane for cruisekai ved Skarpen, vert det vist at til at «siden 2015 har det vært høy vekst i cruiseturismen i Norge. Antall anløp ble doblet, mens antall passasjerer økte med 131 prosent».

Naturvernforbundet Hardanger meiner politikarar og næringsliv også må ha desse verknadane med seg når det er planar om å etablera cruisehamn i Kvam.  Ved å seia nei til slik etablering vert det også gjeve eit signal at me ikkje vil ha meir utslepp i våre område. Det vil også vera i tråd med  overordna klima- og miljømål i landet, mål for reiselivet i Hardanger, klima- og miljøplanar i Kvam og valprogramma til dei fleste politiske parti. Det overordna målet om å få ned utsleppa av klimagassar, må vera leiande også i lokal planlegging.

Utslepp frå cruiseskip i hamn

Sweco Norge har på oppdrag frå Arkoconsult AS gjennomført en «innledende luftkvalitetsvurdering» for det planlagde tiltaket på Skarpen. Sweco skriv at det er utfordrande å vurdera utslepp frå cruiseskip. Utsleppa vil variera mykje frå skip til skip. Det vert ikkje opplyst noko om gjennomsnittsutslepp frå skipa som kan koma.

Ut frå sakspair og opplysingar som kom fram på møtet på Kvam ungdomsskule kan det vera snakk 100 skip pr år i 2031. Viss kvart skip har 6000 menneseke ombord (gjester og tilsette) vert det snakk om til saman 600.000 menneske. I møtet vart det heller ikkje lova landstraum ved kaien. Dermed må det produserast energi til «ein landsby» på 6000 innbyggjarar når skipet ligg ved Skarpen frå tidleg morgon til sein ettermiddag. Når ikkje anna vert opplyst, er det grunn til å tru at det vert energi frå olja som maskinene i båten brukar. Det er klart det vert utslepp av slikt. 100 dagar i året, stort sett i sommarhalvåret.

Sweco skriv rett nok at crusiskip som ligg ved kai, «kan ha vesentlig utslipp av luftforurensing». Dei fleste skipa brukar framleis bunkersolje, som er ei tungolje med relativt høge utslepp. Sweco understrekar igjen kor mykje eksosutsleppa varierer, men fortel  ingen ting om omfanget. Likevel skriv dei «Luftkvalitet i området forventes å forbli god og at videre luftkvalitetsvurdering anses ikke å være nødvendig».

Uansett er det snakk om store utslepp i nærmiljøet vårt, som me kan unngå ved å ikkje satsa på cruisetrafikk.

Naturvernforbundet krev ei konsekvensutgreiing og viser til Miljøinformasjonsloven der føremålet er å: «sikre allmennheten tilgang til miljøinformasjon og derved gjøre det lettere for den enkelte å bidra til vern av miljøet, å verne seg selv mot helse- og miljøskade og å påvirke offentlige og private beslutningstakere i miljøspørsmål.»

Etter vårt syn er mellom anna fylgjande miljøfaktorar relevante i denne samanhengen:

  1. Drivstofftype og drivstofforbruk både ved kai og på fjorden
  2. Utslepp av karbondioksyd (CO2) til luft
  3. Utslepp av metan (CH4) til luft
  4. Utslepp av svoveldioksyd (SOx)
  5. Utslepp av notrogenoksyd (Nox)
  6. Utslepp av partiklar/svevestøv (PM2.5 og PM10) til luft
  7. Informasjon om system og handtering av avløps- og rensevatn og avfallshandtering

Auka utslepp til fjorden

Hardangerfjorden er under press. Naturvernforbundet har peika på dei raskt aukande næringsutsleppa av næringssalt, spesielt frå oppdrettsindustrien, dei siste tiåra. I november 2025 publiserte Statsforvaltaren oppsummering av overvakinga av fjorden i rapporten «Hardangerfjorden under press».

Overvakinga viser at oksygeninnhaldet i fjorden har gått ned, serleg i dei djupaste områda i fjorden. Det skuldast stort sett auka utslepp av nitrogen og fosfor. Dei pågåande klimaendringane forsterkar verknadane. I den siste mannsalderen har bestandane av villfisk også gått attende.

Når verknaden av auka cruisetrafikk skal vurderast, må ein også sjå på verknaden av fjordmiljøet utafor bukta mellom Kvamsøy og Børvenes. I planen vert det lagt opp til 100 cruiseskip i løpet av nokre år. Ut frå statistikken for Eidfjord til no, er det meir enn ei dobling av cruisetrafikken.

!00 skip med omlag 6000 menneske ombord, mannskap og passasjerar, gjev utslepp til fjorden frå 600.000 menneske i omlag eit døger. Dette problemet er fråverande i planinitiativet.  Så vidt me forstår ut frå dagens regelverk kan td gråvatn, som inneheld nitrogen, fosfor, organisk stoff og kjemikaliar, sleppast ut urensa i norske fjordar, bortsett frå verdsarvfjordane, som har strengare regelverk.

Ein ny studie om bakteriar og medisinrestar viser resultat som må takast på alvor. I artikkelen «Cruiseskip: Bakteriebomber til havs» publisert på forskning.no. 27. juni 2025 avslører eit mangfald av farlege bakteriar på cruiseskip, inkludert bakteriar som er resistente mot antibiotika. Me reknar med at slike restar går ut i avfallsvatnet og i fjorden

Naturvernforbundet krev at alle venta utslepp frå skipa i hamn og fjorden vert dokumentert og at akdeverknadane vert nøye vurderte. Verknaden må som tidlegare nemnt vurderast i høve til krava i Vassforskrifta.

Bruk av natur på fjord og land

Naturvernforbundet Hardanger støttar i hovudsak krava som vert fremja frå heradet i referat frå  oppstartmøte 20. mai. Diverre fortel både planinitiativet og referatet frå oppstartmøte ikkje noko om korleis den planlagde trafikken vil påverka naturområda som er tenkt brukte som turmål. Det er ein stor mangel og må utgreiast når verknadane av tiltaket går langt ut over planområdet.

I planinitiativet vert det sagt lite om korleis det er tenkt at trafikken skal fordela seg. På side 25 vert det skrive at 500 går på eiga hand, 1500 er på organiserte halvdagsturar og 1500 på organiserte heildagsturar. På det opne møtet på Kvam ungdomsskule hausten 2025 vart det lagt fram runde tal på fordeling pr. anløp i nærområdet, til dømes:

Skårsvatnet (Gullfiskvatnet): 750 personar

Ribtur til Botnen, inst i Fyksesundet: 350 personar

Fitjadalen: 150 personar

Krokavatnet (Dagsturhytta Kvilekroken) :250 personar

Strinsdalsfossen: 1050 personar

Multiplisert med 100 anløp kan det då til dømes verta 75.000 peronar på ein sesong til den lokale perla Skårsvatnet der det kommunale friluftsområdet er svært avgrrensa

Mange stiller spørsmål ved om det er mogeleg, td med vegstandaren til td. Skårsvatnet og Fitjadalen. Ved Steinsdalsfossen er det alt no ofte for liten plass i turistsesongen.

Fjorden Fyksesundet endar i den veglause grenda Botnen og er viktig fritidsområde for båtliv og padling. Sjølv om det dei siste åra, har vorte meir ribbåtrafikk, er det framleis ein fjord der stille og  naturoppleving er det viktigaste. Dette vil verta heilt annleis dersom det vert ein auke i båtrafikken som cruiseverksemda legg opp til.

Naturvernforbundet meiner det må lagast ein eigen analyse av verknaden på naturen i dei områda som er planlagt brukt som utferdsområde for cruisefolka,

Kort oppsummering:

Naturvernforbundet Hardanger meiner planane om cruisehamn ved Skarpen må stoppast no.

Viss det vert vedteke å halda fram planarbeidet, må det skje med planprogram som vert lagt ut til offentleg ettersyn, og full konsekvensutgreiing. Utgreiingane må også ta for seg verkadane på naturen i område som får sterkt auka press og bruk på grunn av cruisetrafikk.

Naturvernforbundet Hardanger

Klaus Rasmussen, leiar, Oddvar Soldal, styremedlem