Litt frå Rosendalsveko

Me var med på å setja natur og klima på dagsorden i Rosendalsveko.

Synnøve Kvamme deltar i panelsamtale under Rosendalsveko i 2026

I år vart Rosendalsveko arrangert 3.-4- august, der me idémyldra kring klima, naturmangfald, energi, næringsutvikling og berekraft. Ein naturleg plass for oss å delta. Eg deltok i to panelsamtalar, og her følgjer nokre ord om kva eg la vekt på i desse samtalane.

Hvem bestemmer over krafta?

Den første panelsamtalen heitte «Kven bestemmer over krafta, og korleis prioriterar me dei viktigaste behova?». Kristin Guldbrandsen Frøysa (UiB) modererte samtalen mellom deltakarane: Linda Merkesdal (AP), Vegard Bjørnevik (ordførar Kvinnherad), Inger Lise Blyverket (DNT), Sondre Olsen (NHO) og eg frå Naturvernforbundet.

I tillegg til klimakrisa, har me også ei like alvorleg naturkrise. Globalt er 1 million artar truga av utrydding, og kvar 5. norske art er på raudlista. I år 1900 hadde me 50% villmarksprega natur i Noreg, medan me no er nede i ca. 11%. Dei siste 5 åra er det energiutbygging som har vore hovudårsaka til at tap av inngrepsfri natur, og står i denne perioden for opp mot 60% av naturtapet. Det betyr at det ikkje er nok å gå over til fornyeleg kraft – me må også slutta med bit-for-bit-nedbygginga av naturen, me kan ikkje berre dura på som om me har utømmelege mengder energi.

Den fornyelege krafta vår må gå til å elektrifisera samfunnet der det ikkje er tvil om at det vil gje store kutt i klimagassutslepp, slik som i transportsektoren og i industrien, samt nye framtidsretta verksemder.

Vidare elektrifisering av sokkelen vil vera eit enormt kraftsluk som berre fører til at me flyttar norske klimagassutslepp til andre land, og er heilt feil bruk av straumen som me treng til reell omstilling.

Me kjem ikkje utanom å gjera noko med forbruket vårt. No er det som om me sit i ein båt full av hol, og så lenge me ikkje tettar dei hola, er det akkurat det same kva slags vatn som er i båten, den vil framleis synka. Det viktigaste me kan gjera for å få meir straum tilgjengeleg, er å realisera det største kraftverket i Noreg, nemleg energieffektivisering og -sparing. Dette vil kunna frigje energi tilsvarande 40 Alta-kraftverk! Då må me ha ein straumpris som motiverer til energisparing, samt at politikarane må koma med insentivordningar. I tillegg må me utnytta spillvarme, satsa på geotermisk energi som jord- og bergvarme, og solceller på tak og grå flater.

Fordi både natur og fornyeleg energi er knappe ressursar, må me prioritera mellom kraftkrevjande behov. Det kan ikkje vera slik at energisløsande satsingar som «bitcoin-mining» er likestilt med t.d. utfasing av fossilt i transportsektoren. Derfor er tida overmoden for eit oppgjer med tilkoplingsplikta, altså første-mann-til-mølla-prinsippet som gjer at den verksemda som først melder inn eit straumbehov, også skal få straumen først, uavhengig av kva type verksemd det er.

Nye datasenter må visa god samfunnsnytte, me kan ikkje vera ukritiske til datasenter som må til fordi kvart google-søk skal ha eit KI-samandrag, til dømes. Dei må lokaliserast på eksisterande grå flater, og spesielt må dei ikkje medverka til nedbygging av myr og matjord.

Gode prosessar når det gjeld handsaming av nye kraft- og nettutbyggingar krev tidleg medverknad, openheit om kva det er som utløyser behovet for ny utbygging, slik at me kan få ein debatt om behovet er reelt og noko me skal prioritera energiressursar på. Nullalternativet må også vera eit reelt val, og ikkje berre eit sjekklistepunkt. Naturkartleggingar må vera grundige og faktisk kunna påverka utfallet. Når det gjeld nettutbygging, der det skal byggast nye forbindelsar, må også kabelalternativ vera eit reelt alternativ. 

Klima og friluftsliv

Den andre panelsamtalen var «Klima og friluftsliv i endring». Her var Jostein Bakke moderator, og eg var i panelsamtale med Inger Lise Blyverket (DNT), Aslaug Aalen (miljødirektør Statsforvaltaren i Vestland) og Timo Knoch (ordførar Eidfjord).

Me er uroa for klimaendringane som allereie er i gang, og for korleis det skal bli i framtida med meir ekstremvêr. Og me er uroa for vidare bit-for-bit-nedbygging av naturen, med t.d. hyttebygging og kraftutbygging. Dette er eit trugsmål mot både artsmangfaldet, men også for «produktet» turistane kjem for å sjå – nemleg naturen og landskapa våre.

Når det gjeld klima, bør me satsa på meir kortreiste turistar – ikkje fleire cruiseturistar, og turistar som blir flydd inn frå alle verdshjørne.

Me er skuffa over at Stortinget snudde i kravet om nullutslepp for cruiseskip i verdsarvsfjordane innan 2026, og utsette dette kravet til 2032. Skal me klara å få ned utsleppa, må me tora å stilla krav og stå ved dei. Fleire rederi var dessutan i full gang med å innfri kravet innan 2026. I tillegg er me skuffa over at Eidfjord Resort fekk grønt lys. 4500 nye sengeplassar rett ved Hardangervidda villreinområde, er det siste den hardt pressa og raudlista villreinen treng. Eidfjord kommune hadde sjansen til å ta ei ny vurdering av resortet etter at det i vår kom eit innbyggarinitiativ som bad om dette, men dessverre valte kommunestyret å ikkje ta initiativet til følgje. Sidan reguleringsplanen vart vedteken, har villreinen kome på raudlista og me har også fått kvalitetsnorm for villrein, som viser at det står dårleg til med villreinen på Hardangervidda. Det er synd at Eidfjord kommunestyre ikkje tek innover seg denne kunnskapen. 

Dei største trugsmåla mot villreinen er utbygging av hytter, kraft og vegar i og rundt villreinområda. DNT har teke ansvar ved å gå med på stenging av hytter og stiar, og no må me også sjå at det får konsekvensar for utbygging i dei kommunane som ligg i villreinområda.

Me takkar arrangørane av Rosendalsveko for at me fekk høve til å vera med og dela våre perspektiv!