Hogst i verneverdig skog
Ny skogsbilveg raserer gammal barskog på Linga i Kvam
Enno eit viktigt skogsområde vert flatehogd i Kvam. Naturleg barskog nær fjorden er snart ein kuriositet i Kvam. Naturvernforbundet har sendt ein bekymringsmelding til Stats forvaltaren Vestland.
Området vart vurdert som «verneverdig» så seint som 1989. Naturvernforbundet ynsker å vite om det er vurdert frivillig vern i denne saka. «Gang på gang finner me ut om slike sakar gjennom frustrerte varslare… Svært sjeldan får me melding frå kommunen, når slike sakar skal vurderast; uttalar Oddvar Soldal frå Naturvernforbundet Hardanger. «Dette er ein kommunal praksis som høyrar fortida til. Mykje viktig natur går tapt, når landbruksinteressane får bestemme aleine»
Les og korleis Norsk skogeierforbund helst ser hogsten skal føregå i artikkelen «Skogbruk og biologisk mangfold».. men vert denne lese før vegbygginga og hogsten er i gang?