Ei utstilling om naturen

Naturvernforbundet på Stord informerer om den særeigne naturen i Sunnhordland gjennom utstilling og videosnuttar.

Foto: Jan Rabben
Foto: Jan Rabben

Vi i Naturvernforbundet på Stord har jobba med formidling av naturverdiane på fleire vis. Takka vere støtte via prosjektet Naturens stemme fekk vi i år laga ei utstilling som skal visa noko av den særeigne naturen vi har i Sunnhordland. Utstillinga består av fem rollups på 2×1 meter.

Vi fekk også vist fram kystregnskogen og kva som truar denne gjennom tre filmsnuttar som blei publiserte på nettet.

FUGLANE I SKOGEN. Dette er ein av dei tre videosnuttane som lokallaget på Stord har fått produsert. Dei blei delte på Facebook og Instagram, der den eine åleine fekk totalt 126.100 visningar, og totalt 265 timers visningstid.

Den første rollupen gir eit innblikk i noko av det spesielle med naturen vår, ein natur der ulike geografiske plantegrupper møtest; som kystplantar, fjellplantar og sørlege artar der mange er raudlista og har si globale nordgrense hos oss. Dei fire andre plakatane viser ulike naturtypar, der særleg to, kystregnskog og gammalt kulturlandskap, har eit kjerneområde i Sunnhordland.

Utstilling til utlån

Per Fadnes og Jan Rabben har tatt bileta og skrive teksten i utstillinga, og Magne Langåker har stått for utforminga av utstilling og video. Naturvernforbundet Hordaland har eit eige sett av plakatane, som kan lånast ut til lokallag og andre interesserte.

Kystregnskogen

Kystregnskogen, som meir presist blir kalla fattig boreonemoral regnskog, er globalt sjeldan, noko som gjer at Noreg og Sunnhordland har eit spesielt ansvar for å ta vare på han. Han er karakterisert av høg nedbør og høge vintertemperaturarar, noko som favoriserer spesielle lav- og moseartar, som vi omtalar som kjenneteiknande artar for slik skog. I Sunnhordland er han sterkt trua av utbygging.

Kulturlandskapet

Gammalt kulturlandskap med lang kontinuitet der det ikkje blir tilført gjødsel utover det beitedyra legg igjen og der marka får liggja i fred for plog og andre jordbruksreiskapar, er i tilbakegang i heile Europa og er kome på raudlista for naturtypar som kritisk trua (opp to kategoriar frå førre raudliste). Trugsmålet mot denne naturtypen er moderne jordbruk der gjødsling endrar tilstanden til området frå stort biologisk mangfald til einfald. I denne naturtypen veks det eit rikt utval av ulike karplantar, men det er det store mangfaldet av sjeldne og raudlista sopp, ofte kalla beitemarkssopp, som er det mest karakteristiske. Dei fleste av desse soppartane veks berre i slike naturtypar og forsvinn raskt dersom ein endrar driftsforma til meir moderne jordbruk.

Foto: Mona Maria Løberg.
MOBIL UTSTILLING. Rollupane er lette å ta med seg og installere på nye stader. Her er dei på Jonatunet under Naturvernhelga i 2026.

Edellauvskogen

Dei to siste plakatane omhandlar også viktige naturtypar; desse er òg vanlege mange andre stader i landet.

Edellauvskog er det relativt lite av i Sunnhordland, men vi finn han i sørvestvende skråningar med høg solinnstråling. Her veks edellauvtre som alm, ask, lind og svartor, og i feltsjiktet finn vi krevjande plantar som ulike orkidear og sjeldne bregneartar. I Hystad naturreservat på Stord har vi ein av dei største svartorskogane i landet. I dag skil ein mellom minst eit tital ulike typar av edellauvskog, avhengig av kva treslag som dominerer. Alle typane er raudlista.

Våtmark

På den siste plakaten handlar det om våtmark, eit samlenamn på ei lang rekkje «våte» naturtypar – som sumpmark, myrar, dammar, grunne tjørner og innsjøar, elvar, bekker, delta, strandenger og grunne vikar langs sjøen. Våtmark er blant dei mest produktive og artsrike naturtypane vi har, men også ein av dei som er aller mest trua. På verdsbasis er rundt 85 % av dei opphavlege våtmarkene gått tapt pga. utbygging, tørrlegging/oppdyrking, vassdragsreguleringar og ureining.

I Sunnhordland er dei fleste av desse naturtypane representerte, men langgrunne strandfjører har vi lite av. Den største er Sævarhagsvikjo på Stord. Særleg er det mykje fuglar å sjå som rastar på strandflata under hausttrekket, m.a. er heile 23 artar av vadefuglar observerte her.

NaturVest

NaturVest er magasinet for medlemmer i Hordaland. Det kommer ut to ganger i året, med et opplag på over 3600. Vi publiserer også magasinet på nett, som du kan finne i vårt digitalt arkiv.

Vi har også en podkast med samme navn. Husk å abonnere!

Forsiden til NaturVest nr 1 2026