24.mar 2025

Årsmøte i Naturvernforbundet i Hardanger

Hva: Årsmøte
Når: 24.mar, kl. 17:00
Hvor: Yppal kafe, Promenaden 7, 5730 Ulvik

Alle medlemmer i Hardanger er velkomne.

Ope møte etter årsmøtet

Etter årsmøtet inviterer me til eit ope møte kl 18.30. Tema for kvelden vert: «Helsetilstanden til Hardangerfjorden. Er det forsvarleg med oppdrett i indre Hardanger og korleis kan me forvalte strandsona». Det vert ulike presentasjonar og god tid til diskusjonar.

Årsmelding 2024 – Naturvernforbundet Hardanger

Nytt lag

Dette er den andre årsmeldinga til vårt «nye» lokallag i Hardanger. Lokallaget har 263 medlemar frå kommunane Kvam, Ullensvang, Ulvik og Eidfjord.

Årsmøtet i 2024 vart halde 14. mars på Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund. Det var også eit ope møte om oppdrett og Hardangerfjorden med innleiing og video-overføring med to forskarar frå Havforskingsinstituttet.

Årsmøtet valde dette styret i 2024

  • Klaus Rasmussen, Kvam (Øystese): Valt som styremedlem og leiar for 1 år. Er på val som styredelm i 2026
  • Elin Lervik, Ullensvang (Odda): Styremedlem og på val i 2025
  • Bård Kråkevik, Ullensvang (Jondal): Styremedlem og på val i 2025
  • Arjo Kvamme, Ullensvang (Lofthus): Valt som styremedlem for 1 år. På val i 2025
  • Christen Winterthun, Ullensvang (Odda): Valt som styremedlem; på val 2026
  • Oddvar Soldal, Kvam (Øystese): styremedlem og på val 2026
  • Vigdis Nielsen, Ulvik: Valt for 1 år. På val i 2025
  • Bas van de Wiel, Kvam: Valt for 2 år. På val i 2026

Vara for eit år i 2024

  • Leona Wunderlich, Ullensvang (Odda): 1. vara
  • Lise Karine Haugland, Ullensvang (Lofthus) 2. vara
  • Geir Flatabø, Ulvik/Voss 3. vara
  • Tore Bergum, Ullensvang (Grimo): Valt som 4. vara og økonomi- og rekneskapsansvarleg.

Valnemnd i 2024

  • Håvard Gjerde, Kvam
  • Signe Langesæter, Ullensvang
  • Lars Helge Ljone, Ulvik

Organisatorisk arbeid i 2024

  • I året hadde me to styremøte
  • Laget hadde to opne møte i 2024
  • Fylkessamling i Jondal 25 – 28. april
  • Skogseminar i Bergen

Dei største sakene i 2024

Tryglavik

Ullensvang kommune er enno i planprosessen med reguleringsplanen, som dei håpar å få ferdig før sommaren 2025. Kommunen har møtt motbør frå Statsforvaltaren og fekk pålagt å utgreie alternative plasseringar, noko dei hevdar alt å ha gjort.

Naturvernforbundet inviterte til Tryglavikfestivalen 22. juni. Ca 60 frammøtte fekk oppleva gode musikkinnslag og politiske appellar kombinert med bål og mat.

Barskog på Linga

Naturvernforbundet vart tipsa om hogst og vegbygging i gamal furuskog på Linga i Kvam. Etter bekymringsmeldinga vår til statsforvaltaren (SF) vart det synfaring med alle partar. SF oppsummerar saka med at Kvam herad ikkje har gjort jobben sin med bioregistreringa av skogen og burde ha informert grunneigararne om vernekvalitetane. 6 månader seinare har Kvam herad enno ikkje kommentert saka eller svart SF.

Ny linje

Statnett planlegg ny linje frå Blåfalli i Kvinnherad til Øygarden via Ljones og Børdalen i Samnanger. Saka vert fulgt opp i 2025.

Andre uttalar

Langedalen

Ullensvang kommune. Naturvernforbundet har påpeikt ulovleg vegbygging.

Statkraft skal oppgradere i Mauranger og vil bygge store pumpekraftverk. I tillegg har NVE krevd ein vilkårsrevisjon, der ein skal planlegga tiltak som kan forbedre den økologiske tilstanden i området. Naturvernforbundet kommenterte saka i ein uttale.

Herand, Mælen

Naturvernforbundet forlangte i 2023 opprydding i betydeleg ulovleg vegbygging i hyttefeltet. Ullensvang kommune tok opp saka og etterpå har eigar av området (Hardanger maskin) gått konkurs. Saka er enno til behandling i kommunen.

Eide i Kvam

Grunneigar ynskjer å utarbeide ein reguleringsplan for eit større steinuttak utan å gå via kommuneplanen. Naturvernforbundet er skeptisk til slike snarvegar frå lokalpolitikarane, det same er statsforvaltaren

Omastrand i Kvam

Det er lagt fram planar om stort hyttefelt og småbåtmarina i strandsona. Som i den førre saka vil politikarane ikkje ta vegen om kommuneplanen, men gå rett på regulering. Det er stor lokal skepsis til planane.

Oppdrett

Naturvernforbundet Hardanger har stort fokus på oppdrett.

Me skipa til eit kveldsarrangement 30.10 i Norheimsund med ca 70 frammøtte. Arrangementet var gjort i samarbeid med Lingalaks. Fokus for kvelden var den uheldige overgjødslinga (eutrofiering) av fjorden og manglande interkommunal planstrategi i strandsona.

Villrein

I 2024 kom ein ny Stortingsmelding: «Ein forbetra tilstand for villrein».
Meldinga får sterk kritikk frå Naturvernforbundet og alle miljøorganisjonar. Meldinga legg fram få konkrete tiltak og vil vidareføre dagens praksis, der kommunane skal ta mesteparten av ansvaret. Ein tiltaksplan for kvart villreinområde er under arbeid og vert lagt fram i 2025. Me håpar sjølvsagt at denne vil ta kraftigare grep og stramme inn ferdselspolitikken. I Hardanger er det særleg to store prosjekt, som vil bidra til å forringe levekåra for villreinen. Maurset resort i Eidfjord, der ein planlegg ein gigantisk hytteby med heis og den omstridde gondolbanen til Rossnos i Odda.

I tillegg har styret skrive uttale til diverse kommunale planar, deltatt i videomøtar, nettseminarer og sendt lesarbrev til lokalavisene.

Fylkeslaget i Naturvernforbundet har årsmøte i Bergen laurdag 22.3. Alle medlemer kan vera med. Fagleg tema er miljøkriminalitet.