Årsmøte, reiseliv og energiutvinning!
Velkomen til årsmøte og temakveld i Voss Naturvernlag! I år handlar temaføredraga våre både om energiutvinning og reiseliv. Som alltid gratis og ope for alle. Sjå program her:

Program
Årsmøtet er for medlem i Voss Naturvernlag og startar kl 18.
Temaføredraga startar kl 19.30 og er ope for alle!
Kl 18.00: Årsmøte i Voss Naturvernlag 2025
Saker:
- Val av ordstyrar og referent
- Godkjenning av innkalling, sakliste og saker til ymse
- Årsmelding 2024
- Framlegg til aktivitetar framover
- Rekneskap 2024. Vert gjennomgått på møtet
- Innkomne saker
- Val av styremedlemmer, utsendingar, revisor og valnemnd
- Ymse
Forslag til fleire saker kan sendast på epost til voss@naturvernforbundet.no innan 9. mars.
Kl 19.30: Temaføredrag med Reiseliv og Energi
Gratis og ope for alle!
Den nylege svekkinga av Nasjonal verneplan for vassdrag viser at norsk natur forsvinn fordi landet skal produsere meir fornybar energi. Me har invitert sambygdingar som skapar håp om at det likevel kan vere mogleg å halda naturen inntakt.
Frode Solbakk: Elvevern og reiselivet sin rolle

Basert på opplevingar i Vossavassdraget har Frode Solbakk har bygd opp ei millionbedrift. Kva skjer når elvene ikkje lengre er verna mot kraftutbygging, og korleis kan reiselivet mobilisere for å jobbe mot nedbygging av natur?
Christian Bryn: Potensiale for energiutvinning utan nedbygging av natur

Kan kunnskap om nye energikjelder gi håp om at det finst løysingar som ikkje bygger ned naturen vår? Christian Bryn forskar på grunnvarmen på Bømoen, ei energikjelde som krev minimale inngrep.
Jon Gjerde: Høgdevind har potensiale til å erstatte 1/3 av all fossil energi til elektrisitet på verdsbasis

Kitemill frå Voss utvikler ny vindkraft teknologi på lag med naturen. Høgdevind basert på Kite prinsipp vil sammenligna med dagens vindturbiner kunne generere meir energi pr areal, bruke under 10% av materialer og gje eit betydelig lavere lokalt og globalt fotavtrykk i naturen.
Bli med på laget!
Det er mange måtar å bli med på laget ! Me er i dag ein god gjeng i styret, men klarar ikkje å engasjera oss i alle saker for vossanaturen – er me fleire så klarar me å gjere meir! Frivillig arbeid for naturen er meiningsfullt og kjempekjekt når me ser at det nyttar! Har du lyst til å engasjere deg, så send ei melding til voss@naturvernforbundet.no
Du kan også berre melda deg inn i laget og støtta oss på den måten, det finst fleire ulike medlemsskap å velja mellom – sjå meir her:

Bli medlem
Naturvernforbundet jobber for et samfunn som er godt å leve i for alle, som kan bestå over tid. Som medlem støtter du arbeidet vårt for å ta vare på naturen.