Som du ropar i skogen…skal du få statusoppdatering!

Historia om skogsbilvegsakene i Bergen held fram.

Foto: Synnøve Spangelo / Naturmangfaldsgruppa
Foto: Synnøve Spangelo / Naturmangfaldsgruppa

Hausten har ikkje vore ei stille tid rundt skogsbilvegsakene i Bergen og omegn – heldigvis. Den 25. september hadde to utval i Bergen kommune ei felles høyring om eit drygt tiår med ignorerte og bortkomne varsel, og manglande tilsyn og oppfølging med det som er ei av kommunen sine største miljøskandalar.

Seks timers høyring

Utval for finans, kultur og næring (UFKN) med byråd Reidar Digranes har ansvar for det som tidlegare var Etat for landbruk (no seksjon for landbruk under byråden), og hadde i samarbeid med Utval for miljø og byutvikling (UMBY) kalla inn m.a. tidlegare etatsleiar Helene Dahl og skogbruksrådgjevar Kjetil André Rødland, samt fylkesskogmeister Torkel Hofseth frå Statsforvaltaren i Vestland.

Desse skulle gjera greie for kva regelverk kommunen og fylkeskommunen skal halde seg til i handsaming av skogsbilveg-søknader, og korleis oppfølginga har fungert.

Naturvernforbundet Hordaland var invitert til å halde innlegg under to bolker:

  • Planlegging, tilsyn og miljøproblemer ved bygging av skogsbilvegar i Bergen kommune i perioden 2016 – 2023.
  • Kva kan gjerast for å unngå ulovligheiter ved framtidig bygg av skogsbilvegar i Bergen kommune?

Naturvernforbundet Hordaland hadde nokre ankepunkt til sjølve høyringa;
at den ikkje gjekk lengre bakover i tid enn til 2016.
at mange tidlegare byråder ikkje var til stades og kunne gjera greie for kva som (ikkje) skjedde på deira vakt at me ikkje fekk høyre tidlegare tilsette i Etat frå landbruk fortelje frå sitt arbeid i førstelina.

Mykje betre no?

Byrådspartia og byrådane Digranes og Kahrs understreka at reglane er skjerpa inn, at dei grove sakene er eit tilbakelagt kapittel, og at det no er orden som rår. Dessverre er dette ei regle me har høyrt heile det siste dryge tiåret, og me kunne visa grundig dokumentasjon på nyleg aktivitet med ulovleg flytting av masser og sakshandsaming som trassar lovverket.
Fire politimelde saker/veganlegg er ferdig etterforska, og ligg til avgjersle hos Statsadvokaten. Frå kommunen si side heng det enno i lufta, korleis dei skal ta hand om alle mila med eksisterande forureina massedeponi.
Naturvernforbundet Hordaland har utarbeidd ei lang liste med konkrete tiltak me meiner må til for framtida; som eit overordna mål må kommunen nytte plan- og bygningslova i langt større grad enn den gjer no, og skogsbilvei-søknader må óg avgjerast i bystyresalen.

Går du tur langs vegane, ser du godt spora etter riveboss og framandlista plantar, som her på Birkelandsfjellet:

I møte i UFKN den 13. november vart det vedteke at:
utvalet ber byrådane om ei ny sak som skildrar status for skogsbilvegane
arbeidsutvalet i UFKN tek kontakt med arbeidsutvalet i UMBY for å samkøyre oppfølginga av høyringa om skogsbilvegar

Samstundes ser me aktivitet som ikkje passar saman med kommunen sine nye, skjerpande tiltak:

Foto: Synnøve Spangelo / Naturmangfaldsgruppa

Heile sanningi

«Kom ikkje med heile sanningi», skreiv Olav H. Hauge. Men Naturvernforbundet må det. Gong på gong, og i lang tid framover. Fortsetting fylgjer!